Hopp til innhold

Legar har jobba 60 timar i veka – no får dei meir hjelp

Barne- og ungdomsavdelinga på sjukehuset i Kristiansand slit med å få fylt vaktene. Nye ordningar skal bøte på arbeidspresset for utslitne legar.

Sykehusledere Sørlandet sykehus

Avdelingssjef på barne- og ungdomsavdelinga ved Sørlandet sykehus Kristiansand Anita Torland Kivle og einingsleiar for legane Gunnar Vik meiner framtida ser lysare ut for avdelinga.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Vi klarer ikkje å gi den behandlinga som vi meiner barn og unge bør ha. Det gjer noko med oss som helsepersonell, seier Kristin Vabo Iversen.

Ho er tillitsvald for overlegane ved barne- og ungdomsavdelinga på Sørlandet sykehus Kristiansand.

Avdelinga har dei siste åra stått i ein utfordrande bemanningssituasjon. Til liks med mange andre sjukehus og avdelingar i landet har dei slite med rekrutteringa.

Les også Sa opp som overlege: – Kjente på en økende vantrivsel

Magne Bøe.

Det gjer at legane som er på jobb må springe fortare og jobbe meir.

– Eg vil karakterisere situasjonen som veldig utfordrande og ganske dramatisk. I periodar kan vi jobbe 50 til 60 timar i veka. Over tid blir det ei totalbelasting som vi kjenner på, seier Iversen.

Tillitsvalgt for overleger, Kristin Vabo Iversen, barneavdelingen på Sørlandet sykehus Kristiansand

Kristin Vabo Iversen fortel at overlegane på barne- og ungdomsavdelinga kan ende opp med å jobbe 60 timar i veka. No ser det ut til at det blir ei betring i arbeidspresset.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Fleire overlegar slutta

Arbeidspresset har gjort at fleire overlegar har valt å slutte. Avdelinga får ikkje fylt turnusen.

I fjor signerte fleire legar eit brev til leiinga der dei etterlyste fleire legar til avdelinga.

No er det teke grep.

Eit nytt vedtak på tilstadevakt heile døgnet, og dessutan moglegheit til å auke med éin overlege måndag til fredag, gjer at det no ser lysare ut.

– Vi er veldig glad for det. Det vil løfte det vi kan tilby pasientane som er innlagde på avdelinga, og det gjer at vi kan handtere poliklinikken på ein annan måte enn vi har gjort dei siste åra, seier avdelingsleiar Anita Torland Kivle.

Anita Torland Kivle, leder ved barne og ungdomsavdelingen ved Sørlandet sykehus Kristiansand.

Leiar ved barneavdelinga Anita Torland Kivle.

Foto: Heidi Ditlefsen / NRK

Slit med rekruttering

Samtidig slit avdelinga med å rekruttere nye, yngre legar.

– Til liks med mange av barneavdelingane og sjukehusa i landet, får vi ikkje eksterne søkarar, seier einingsleiar for legar ved barne- og ungdomsavdelinga Gunnar Wik.

Han fortel at dei no også har teke grep på det som handlar om framtidig rekruttering.

– Vi har fått god hjelp og støtte av leiinga til å bruke dei verkemidla vi kan, seier han.

Les også Sjekkliste hjelper barn som har det vanskelig hjemme – spres til hele landet

Ambulansearbeider Charlotte Gresaker og akuttsykepleier Helene Heldal Tveit.

Tillitsvald Kristin Vabo Iversen trur grepa som no blir gjort vil hjelpe på arbeidspresset.

– Eg trur det vil bety ganske mykje. Vi har blitt høyrde, seier ho.

Ho er også optimistisk med tanke på å behalde og få inn nye tilsette.

– Viss vi får lov til å halde på med det vi gjer no og får spelerom til å tilpasse, så trur eg vi både kan behalde spesialistar som det er viktig at vi ikkje mistar, og at vi vil rekruttere LIS, seier ho.

Les også Gentest gjorde underverk – gir håp i kampen mot kreft

Gunn Kaya Glad

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %