– Vi har ikkje målt opp, men heisen skal ha vore på høgde med tredje etasje da han fall ned, og ein går ut frå at fallet var på mellom åtte og tolv meter, fortel operasjonsleiar Arve Johan Myklebust i Agder politidistrikt.
Ulykka skjedde da ein eldre heis skulle bytast ut med ein ny. Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.14, men ulykka skjedde noko før dette.
– Dei to mennene er truleg lettare skadde, begge var vakne og bevisste, seier operasjonsleiaren.
Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla om hendinga og politiet er på staden for å gjennomføre undersøkingar.
To menn blei skadde i hendinga.
Foto: Christina Hårvik Nieuwlaat / NRK