Hopp til innhold

Kvinne tiltalt for nettsvindel

Per Arne Holten frå Drammen vart lurt til å setje 2500 kroner inn på kontoen til ei arendalskvinne. No må kvinna møte i retten tiltalt for nettsvindel.

Netthandel

Ei kvinne frå Arendal er tiltalt for svindel på internett. Ho lurte folk til å betale pengar inn på kontoen hennar. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Eg såg ei annonse på ei kjøp- og sal-side på internett. Eg skulle kjøpe ei gåve til kona mi og tenkte at den var perfekt, seier Holten til NRK.

Ifølgje tiltalen skal 12 personar har betalt pengar til kvinna for ein mobiltelefon dei aldri fekk.

Kvinna reklamerte for salet både på nettstaden Finn.no og på Facebook.

– Ikkje før over pengar

– Eg sjekka profilen og alt såg greitt ut. Ho hadde hatt den lenge og det såg greitt ut, seier Holten.

Ann Hege Skogly er fungerande kommunikasjonssjef ved Forbrukarrådet på Agder. Ho er kritisk til å betale for vara før du har den i hendene.

– Vi anbefaler å ikkje sende pengar på ein konto før du har vara. Du bør eventuelt bruke ulike typar sikker betaling, slik at pengane ikkje kjem rett inn på kontoen til nokon du ikkje veit kven er, seier ho.

Det er slett ikkje første gang Forbrukarrådet høyrer om denne forma for svindel.

– Vi har høyrt om nokon som har betalt for ein iPhone. Så har dei fått ein pakke i posten, men den viste seg å innehalde ein stein, fortel ho.

Har blitt svindla fleire gonger

Det er ikkje første gang Per Arne Holten har blitt svindla. For ei tid tilbake opplevde han å bli svindla på nettstaden Finn.no.

– Også då var det sak i retten. Det var mange som hadde blitt svindla. Det kostar litt ekstra å bruke Finn sin betalingsgaranti, men det er verd det. For då slepp du å bli svindla, seier han.

– Dersom det er på Facebook må ein sende i oppkrav. Eller så må du få vara først, sjølv om det ikkje er så mange som gjer det, seier han.

Rådet frå Forbrukarrådet er klart og tydeleg:

– Dersom det er eit tilbod som er for godt til å vere sant, så er det gjerne det, seier Skogly.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %