Hopp til innhold

Smitterekord i fleire byar - kommune skal masseteste skulebarn

Fleire byar opplever rekordsmitte. No skal skuleelevar massetestast i ein kommune. I andre kommunar er det krisemøter der dei diskuterer innføring av lokale tiltak.

Arendal

Arendal opplever stor auke i talet på smitta.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Det siste døgnet er det registrert 77 nye smitta i Arendal. Kommunen har aldri opplevd eit så høgt tal på eit døgn tidlegare.

– Det er i hovudsak barn og familiemedlemmer til barna som er smitta, seier ordførar Robert Cornels Nordli til NRK.

Hadde det vore prosentvis like mange smitta i Oslo, ville talet ha vore over 1100 smitta. Det høgste talet som er målt i Oslo på eit døgn er 831.

Også i Bergen er det registert rekordsmitte. 234 personar er smitta det siste døgnet. Det er det høgste talet i løpet av eit døgn i kommunen.

Tysdag vart det registrert 4045 nye koronasmitta i Noreg. Det er 2525 fleire enn førre tysdag.

Massetesting av elevar

Arendal kommune ber no innbyggjarane bruke munnbind i kollektivtrafikken, taxi, butikk, kjøpesenter, eller andre stader det er vanskeleg å halde avstand.

I tillegg blir det lagt opp til massetesting av barn på skulane i kommunen.

– Vi kjem til å teste skuleelevar der det er høgt smittetrykk. Så vi kjem til å teste dei framover. Vi har god testkapasitet og anbefalar folk om å teste seg. Hald deg heime om du er sjuk og ta hurtigtest, seier Nordli.

– Vi følgjer situasjonen veldig tett. Vi vurderer behovet for lokale tiltak fortløpande. Vi har noko trykk på våre helseteneste, men det er handterbart i denne situasjonen, seier Nordli.

Krisemøte i fleire byar

Fleire sørlandsbyar opplever auke i smittetalet. I Grimstad skal kriseleiinga møtast onsdag for å vurdere om dei nasjonale tiltaka er tilstrekkeleg for kommunen. Tysdag var det registert 22 nye smitta.

I Risør vart det registrert 17 nye smittetilfelle tysdag. Det er det høgste talet kommunen har registert på eit døgn. Også her skal kriseleiinga møtest onsdag, for å vurdere innføring av lokale smitteverntiltak.

– No byrjar det totalt å bli mange smitta i kommunen. Både kommuneoverlegen og eg er urolege for utviklinga, seier ordførar Per Kristian Lunden.

Ifølgje Agderposten er 59 personar i isolasjon i Grimstad. Det er oppdaga smitte ved fire skular og to barnehagar i kommunen berre det siste døgnet.

Også i Kristiansand er det auka smitte. Kveldens bystyremøte blir stengt for publikum på grunn av smittesituasjonen. Formannskapet har også vedtatt en anbefaling om at representantene bruker munnbind i møtet.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %