Hopp til innhold

Klar for skjebnekamp: – Dette blir ein krig

Start-spelarane gler seg til skjebnekampen mot Mjøndalen. Med siger vil laget ta eit langt steg vekk frå direkte nedrykk.

Sjå intervju med Bård Borgersen, Mads Stokkelien og Even Øgrey Brandsdal før skjebnekampen mot Mjøndalen.

– Det blir ein tøff og jamn batalje. Det er eit fysisk sterkt lag vi møter. Det blir nok mange duellar. Vi må vere med på krigen og matche dei på det dei er gode på. Det blir nok ein knokkelkamp, seier Mads Stokkelien til NRK.

Bård Borgersen

Start-trenar Bård Borgersen på torsdagens trening på Sør Arena.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Start er det fremste «heislaget» i eliteserien. Berre sidan 1987 har laget rykt ned til 1. divisjon seks gonger.

Fredag kveld møter sørlendingane Mjøndalen som også kjempar ein intens kamp for å overleve i toppdivisjonen.

Med siger i fredagens kamp mot Mjøndalen vil Start truleg sikre minst kvalifiseringsplass.

12 strake utan siger

– Vi må vere budde på at det blir ein krig. Den fighten trur eg vi er godt rusta til å ta. Så har vi ein dimensjon til i ein offensiv felles tanke. Det håpar eg vi kan legge på i tillegg til kriginga, seier trenar Bård Borgersen.

Start har ikkje vunne ein einaste kamp sidan 4. juli då dei slo Stabæk 4–1 på heimebane. Fasiten viser ti tap og to uavgjort. Det uroar ikkje trenaren.

– Vi er i god utvikling og eg ser stadig framgang. Eg trur vi kan få eit gjennombrot mot Mjøndalen, seier han.

I førre serierunde tapte Start 1–4 borte mot tabelljumbo Sandefjord. Det heile toppa seg med supporterbråk som enda med at klubben utestengde fire supporterar frå Sør Arena ut 2016-sesongen.

Gulrik og Bård Borgersen

Maskoten Gulrik tok turen innom Sør Arena torsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Gler meg som ein unge

Før skjebnekampen mot Mjøndalen har klubben mobilisert. Spelarane har sjølve delt ut gratisbillettar for å fylle tribunane. Håpet er å bikke 10 000 tilskodarar. Bård Borgersen gler seg til kampen.

– Fotball er artig. Eg er alltid veldig roleg samstundes som eg er full av kraft. Eg gler meg som ein unge, seier Borgersen.

– Kva blir det siste du seier til gutane?

– Ut og krig, smiler han.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %