Hopp til innhold

Klagestorm på Nettbuss

Agder kollektivtrafikk har fått fleire hundre klager på Nettbuss Sør sidan dei tok over busstransporten i kristiansandsområdet ved nyttår.

Nettbuss

KLAGER: Agder Kollektivtrafikk har fått opp mot 700 klager på dei verste dagane på Nettbuss Sør. No lova busselskapet betring. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Vi har hatt mange hundre henvendelsar på telefon. Opp mot 700 på dei vanskelagaste dagane, seier administrerande direktør i Agder Kollektivtrafikk (AKT), Siv Viken til NRK.no.

I tillegg har AKT henta inn ekstra folk til å betjene telefonane fleire gonger sidan Nettbuss Sør tok over, for å ta unna klagestormen.

– Vi har svikta

– Det går på forseinkingar og kundebehandling, seier ho.

Administrerande direktør i Nettbuss Sør, Anders Roger Øynes, vedgår at busselskapet har svikta.

– Det vi har levert til no er ikkje godt nok. Vi gjer nokon feil, så vi er ikkje robuste nok til å tole både omstilling og dårleg vêr samstundes, seier han til NRK.no.

Han skuldar også på interne problem med blant anna sjåførane.

Går gjennom klagene

– For dei som var med over frå AS Bussen til Nettbuss Sør har det vore ei stor endring. Dei endringsprosessane klarar ein aldri å førebu seg godt nok til. Det har slått uheldig ut for vår del, seier Øynes.

Alle kundeklager skal no gåast gjennom, og Nettbuss Sør lovar rask betring.

– Forhåpentlegvis skal vi no klare å levere eit produkt som er veldig bra, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %