Hopp til innhold

Billettkrøll for Nettbuss Sør

Problem med billettsystemet har ført til store forseinkinga i busstrafikken i Kristiansand måndag.

Nettbuss Sør

TRØBBEL: Nettbuss Sør har store problem med billettsystemet sitt. Problema har ført til store forseinkingar måndag.

Foto: Frans Kjetså/NRK

Busselskapet tok over bussdrifta i Kristiansand 1. januar. Måndag venta folk opp mot 45 minutt på grunn av teknisk trøbbel.

No hentar Nettbuss Sør inn ekspertar for å løyse problema.

– Problemet har vore kontaktproblem med kortlesar, billettskrivar og sjølve billettmaskina. Det har ført til at det har blokkert seg og skapt forseinkingar, seier regionsjef i Nettbuss Sør, Oddvar Abrahamsen til NRK.no.

Gammalt utstyr

Måndag kveld og natt skal ekspertane jobbe for å finne ut kva som er årsaka til problema med billettsystemet. Det er det same systemet som vart brukt i dei gamle bussane.

– Det er det same utstyret, men det er flytta over i nye bussar. Vi er ikkje heilt klar over kva som er årsaka til dette. Men vi jobbar med å finne dette ut, seier han.

Billettrotet har gått verst ut over rutene mot Sørlandsparken. Der venta passasjerar opp mot 45 minutt på bussen.

Lovar bussar i rute

– Passasjerane er sjølvsagt ikkje nøgde, og det skal dei heller ikkje vere. Heldigvis har dei ikkje lete det gå utover sjåførane og det er bra. Sjåførane er heilt uskuldige opp i dette, seier Abrahamsen.

Han går langt i å love at bussane skal komme på tida tysdag morgon.

– Vi skal gjere alt vi kan for at alle bussane skal komme på tida tysdag morgon. Vi skal klare å komme når vi skal. Dette må vi klare å løyse, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %