Hopp til innhold

Skal selje busskort i kiosken

Frå neste veke kan ein kjøpe busskort i kiosken fleire stader i Vest-Agder. Målet er minst mogleg kontantar på bussane for å unngå ran.

Penger på buss

PENGAR: Målet er å bli kvitt pengar på bussane. Busselskapa har sett i verk fleire tiltak for å stoppe ran. (Arkivfoto)

Foto: Frans Kjetså/NRK

– Det vert jobba intenst både lokalt og nasjonalt. Det har blitt eit nasjonalt problem som no vert sett søkelys på i heile Norge, seier administrerande direktør i Agder Kollektivtrafikk, Siv E. Wiken til NRK.no.

Jobbar med nettløysing

Dei første utsalsstadene vil vere i drift allereie frå 10. januar, skriv fvn.no. I første rekkje dreiar det seg om 30 dagars kort og flexikort. Dei første utsalsstadene kjem i Kristiansand, Nodeland og Søgne.

– I tilegg har vi kjøpt ei webløysing som gjer at ein skal kunne oppdatere kortet sitt på internett. Så testar vi også ut bankterminalar på buss. Det er nokre utfordringar der forsi det er litt lang transaksjonstid. Så det hopar seg opp, seier Wiken.

– Er dette ein direkte konsekvens av at det var åtte bussran i Kristiansand i fjor?

– Det intensiverer dette arbeidet, men det har vore jobba lenge med å redusere kontantar på buss. Det gjer også at bussen kjem raskare fram. Men det er klart at alle rana vi har hatt gjer at dette vert framskunda, seier ho.

Set inn vakter

Måndag vart det klart at det vil bli sett inn vakter på bussane i Kristiansand på grunn av ei rekkje ran.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %