– Vi er imot denne utbygginga og har gitt klar beskjed til Norsk Vind om at det ikkje er aktuelt å bruke kaia vår, seier administrende direktør Peder Andersen i Andersen Mek. Verkstad (AMV) i Flekkefjord.
Vinger og tårnkonstruksjonar til det planlagde vindkraftverket i Skorveheia i Flekkefjord skal komme sjøvegen til Flekkefjord.
I planane for vindkraftverket er eit av alternativa at transport av turbinane skal skje via djupvannskaia til Andersen i Svege industripark.
– Vi gav dei skriftleg beskjed om at det å nytte fasilitetane våre ikkje var aktuelt. Likevel skriv dei inn fasilitetane våre i detaljplanen for gjennomføring. Det finn vi svært underleg, seier Andersen.
– Det er riktig at han i slutten av november gav beskjed om at han ikkje såg det som aktuelt å bruke kaia hans, men då var planen for lengst oversendt og ferdigbehandla, og klar til høyring frå NVE si side, kontrar John Amund Lund, prosjektleiar i Norsk Vind.
– På det tidspunktet såg vi ingen grunn til å endre planen, all den tid vi ikkje vurderer eller har vurdert AMV som det beste alternativet for transporten, utdjupar han.
Avisa Agder har også skrive om konflikten.
Denne illustrasjonen viser korleis vindturbinane kan bli sjåande ut.
Foto: Søkeresultater Nettresultater Kristiansen & Selmer-Olsen - SivilarkitekterPlanlagt sidan 2008
Norsk Vind ser no på Farsund Kai og Lasta kai i Flekkefjord som dei beste alternativa.
For vindmøllene må i land.
– Vi ønskjer sjølvsagt minst mogleg inngrep og tilpassingar langs transportruta både av kostnadsomsyn og av omsyn til naboar og andre, seier prosjektleiar Lund.
Det er stor motstand mot bygging av vindmøller i Skorveheia i Flekkefjord.
– Engasjementet i lokalsamfunnet er enormt. Dette råkar veldig mange og vi ønskjer å støtte opp. Dette er bidraget vårt, seier Peder Andersen i AMV.
Kva ønskjer de at dette skal føre til?
– Vi håpar at vi med dette, og eventuelt andre tiltak som kjem i etterkant, kan setje ein effektiv stoppar for at denne utbygginga ikkje blir noko av.
Norsk Vind fekk konsesjon til bygging av vindmøllene i 2008.
Byggjestart for dei 200 meter høge vindmøllene til kring 450 millionar kroner er truleg i løpet av 2020.
Straum til 9000
Hamnefogden i Farsund, Tom Egil Ravndal, seier han ikkje vil leggje kjeppar i turbinane.
– Eg er ikkje veldig politisk av meg. Vi har mottaksplikt, alle offentlege hamner har det. Med mindre hamna er full, og dei betaler etter prisliste, er hamna open for alle.
De ønskjer vel å ta imot så mykje som mogleg?
– Ja, men nei. Nokon gonger blir prosjekta så store at det går utover andre.
Men viss det er gjennomførbart, så har vi mottaksplikt.
I utgangspunktet var det gitt konsesjon til 135 meter høge vindturbinar.
14. juni kom beskjeden frå Noregs vassdrags- og energidirektorat at dei godkjenner endringar i planane.
Det skal setjast opp færre vindmøller, men høgda på vindmøllene vert auka til 200 meter. Det skal setjast opp åtte vindmøller.
Vindmøllene skal produsere 145 GWh, eller straum til kring 9000 hushaldningar.
Ordførar: – Folk er redde og skeptiske
– Eg skjønner valet til Andersen veldig godt. Han eig kaien og bestemmer. Viss dette er ein type næring han ikkje vil ha inn der så har eg full forståing for det, seier Torbjørn Klungland.
Han fortel at skepsisen mot vindparken som skal byggjast i kommunen er enorm.
Ved sidan han på kontoret ligg ein bunke med 3000 underskrifter frå innbyggjarar som er imot. Han har hatt masse besøk på kontoret av folk som vil seie meininga si om saka og engasjementet i sosiale medium har vore stort.
– Folk er redde og skeptiske. Dei skjønner ikkje korleis det kunne gå frå ein plan om små vindmøller til nokon som er 200 meter, seier han.
Ordførar i Flekkefjord, Torbjørn Klungland, er sjølv skeptisk til planane om vindpark i kommunen. Han seier motstanden og engasjementet er stort blant innbyggjarane.
Foto: Svein Sundsdal / NRK