Hopp til innhold

Jordbær-soppen spreier seg

Soppen gråskimmel er i ferd med å spreie seg frå Sørlandet til andre stader i landet. No fryktar fleire den er resistent mot sprøytemiddel.

Gråskimmel jordbær

Soppen gråskimmel har øydelagt store mengde bær på Sørlandet. No er soppen i ferd med å spreie seg.

Foto: Rasbak

– Omfanget ser ut til å spreie seg nordover. Akkurat per i dag totalt sett kan vi indikere at vi får eit avvik på cirka 40 prosent av vår produksjon. Det er drastisk, seier kategoriansvarleg for bær i Bama, Roger Utengen til NRK.

I førre veke fortalde NRK at jordbærsesongen på Agder kan vere over i løpet av kort tid.

Årsaka er at soppen gråskimmel har angripe bæra. Følgjeleg er no 40 prosent av den totale avlinga Bama får inn frå landet øydelagt, ifølgje Utengen.

Fryktar soppen er resistent

Agder Bær og Grønt er uroa for at soppen er resistent mot sprøytemidla som vert brukt.

– Det er viktig for produsentane å finne årsaka til det massive angrepet. Då er det avgjerande om det skuldast fleire uheldige tilfelle eller om gråskimmel er blitt resistent, seier talskvinne for Agder Bær og Grønt, Hanne Nøding.

Jan Karstein Henriksen hos Norsk Landbruksrådgiving Agder er prosjektleiar i eit forskingsprosjekt, som tek føre seg nettopp utviklinga av resistens hos gråskimmel.

Han seier at det per i dag ikkje er løyvd nok pengar til å gjennomføre ei omfattande kartlegging av gråskimmel i norske jordbæråkrar. Men funn dei har gjort viser at soppen truleg er resistent.

– Dagens middel verkar berre på eit lite punkt i soppen sin livssyklus. Det som skjer når soppen kjem ut av dette punktet er at den blir motstandsdyktig, seier Henriksen.

– Internasjonalt er dette eit aukande problem. Nokre få prøver her viser at vi har ein del resistensproblem også i Norge, seier Henriksen.

Lastebilen på gården fylles raskt opp med kasser fulle av bær.

Fleire fryktar at soppen gråskimmel, som har angripe bær på Sørlandet, er resistent mot sprøytemiddel.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Vil ha kartlegging

Også Bama vil bidra til å finne ut om soppen har blitt resistent mot sprøytemidla.

– Vi er veldig opptekne av norsk produksjon og særleg bærproduksjonen vår. Når vi får så mykje avvik i forhold til plan eller produksjon er det veldig viktig å finne årsaka til det. Det som kanskje er det viktigaste er å finne ei årsak for produsentane, seier Utengen.

Jordbærprodusentar vil truleg tape millionar på soppen.

– Vi meiner det er viktig å setje i verk ei grundig kartlegging av moglege resistente jordbæråkrar, seier leiar Norge Bondelag Lars Petter Bartnes.

Kan endre jordbærproduksjonen

Ei slik kartlegging vil koste pengar.

– Det vil vere naturleg at det blir eit spleiselag mellom det offentlege, forskingsinstitusjonane og ikkje minst næringa sjølv, som bør bidra til ei slik kartlegging, seier Bartnes.

– Når resultatet av ein slik grundig gjennomgang føreligg, vil det vere viktig å bruke kunnskapen for å sjå om det går å finne løysingar til ein annan måte å produsere jordbær på i framtida, seier han.

Gråskimmel er ikkje farleg for menneske.

Jordbærprodusenter på Agder og på Østlandet har mistet over 90 prosent av avlingen på grunn av soppangrep. Nå står de helt maktesløse fordi de ikke har krav på erstatning.

Sjå reportasje om soppangrepet i jordbæråkrar på Sørlandet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %