På landsbasis er det lita endring i gjennomsnittleg meistringsnivå frå i fjor til i år, trass i stor sating på lesing i skulen.
På fylkesnivå er det berre elevane i Oslo og Akershus som i snitt presterer betre enn det nasjonale nivået på 5. trinn. Dei same resultata går også att på 8. og 9. trinn.
Oslo og Akershus kjem best ut også der. I ti av fylka går det gjennomsnittlege meistringsnivået i lesing ned frå 2011 til 2012, men for dei fleste er det snakk om ein marginal nedgang.
Unntaket er Aust-Agder, der snittresultatet går mest ned frå i fjor til i år. Det er færre kommunar i år enn i fjor som har gjennomsnittleg meistringsnivå som ligg over nasjonalt nivå, syner analysen av dei nasjonale prøvane i lesing.
Nasjonale prøvar i lesing vert gjennomført på 5., 8. og 9. trinn, og 180.000 elevar har i år delteke på prøvane.