NRK Meny
Normal

In Flames til Norway Rock

Rockefestivalen i Kvinesdal presenterte åtte band til festivalen måndag.

Norway Rock Festival

IN FLAMES: Norway Rock Festival har sikra seg blant andre In Flames til årets festival. (Arkivfoto)

Foto: Norway Rock Festival

– Vi er veldig nøgde med å kunne gå ut med artistane til årets lineup. Det er fantastisk å kunne ynskje In Flames tilbake til Kvinesdal og Norway Rock 2011, seier bookingsjef Kelly Aamodt i ei pressemelding.

– Etter mi meining var In Flames sin opptreden på Norway Rock i 2008 den konserten som toppar mi live-liste, skriv bookingsjefen.

Følgjande artistar vart presentert måndag morgon:

  • In Flames
  • Hellyeah
  • Kvelertak
  • Djerv
  • Cancer Bats
  • Crucified Barbara
  • Edguy
  • Mercenary

Norway Rock Festival går 7.-10. juli i år.