Hopp til innhold

IK Start sa ja til omdiskuterte investorar

Fem investorar som har tent store pengar på internasjonale spelselskap tek over toppfotballsatsinga i fotballklubben Start.

Investor Christopher Langeland på årsmøte i Start

Ein av dei nye Start-investorane, Christopher Langeland, tok ordet under det ekstraordinære årsmøtet.

– Start er ein institusjon for oss sørlendingar. Start En Drøm AS sin visjon er å inspirere barn og vaksne på Sørlandet til å tru på og realisere sine visjonar og draumar, sa investor Christopher Langeland til medlemmane på det ekstraordinære årsmøtet.

Torsdag kveld sa det ekstraordinære årsmøtet einstemmig ja til at investorgruppa dannar selskapet «Start En Drøm AS», som skal styre toppfotballen i klubben.

Torsdag kveld sa det ekstraordinære årsmøtet einstemmig ja til at investorgruppa dannar selskapet «Start En Drøm AS», som skal styre toppfotballen i klubben.

Her stemmer medlemmane i IK Start.

– Vil ikkje tene pengar

Investorane går inn med inntil 40 millionar kroner over ti år. Ti av millionane vert spytta inn i klubben umiddelbart.

Det er Christopher Langeland, Robin Reed, Mads Nesset, Frode Fagerli og Kjetil Aasen som står bak det nye selskapet. Dei tre første kjem alle frå Sørlandet.

Even Øgrey Brandsdal held fram som administrerande direktør i det nye selskapet.

– Start er meir enn 15 kampar på Sør Arena. Start er starten på eit venskap og fellesskap. Start er lidenskap. Start skal plante inspirasjon, glede og positivitet, sa Langeland.

Han fortalde også at han og to av dei andre investorane var på Kristiansand stadion då laget tok sølv i 2005.

– Vi var ein feilaktig offside frå gull. Det er ein dag vi aldri klarer å gløyme. Det håpar vi å gjenskape, men med eit anna utfall, sa han.

Langeland fekk direkte spørsmål om investorane har som mål å tene pengar på Start.

– Vi har ikkje som mål å tene pengar på Start, svara Langeland.

Skeptisk eks-spiller

Tidlegare Start-spelar Cay Ljosdal er særs skeptisk til den nye løysinga for Start. – Eg sit att med ei trist kjensle, sa han mot slutten av årsmøtet.

– Kan gå konkurs

På møtet kom det også fram at Start er særs pressa økonomisk.

– Dersom vi ikkje går for dette er konsekvensen dramatisk. Vi kan gå konkurs og over ende. Det må eg vere veldig tydeleg på, sa Starts styreleiar Geir Tønnesland.

Både marknadsinntektene og publikumsinntektene har ikkje vore som klubben håpa på denne sesongen.

– Situasjonen er meir pressa enn vi har sett føre oss. Reellt sett er det ikkje pengar

Styreleder Start Tønnesland

På det ektstraordinære årsmøtet i IK Start fortalde styreleiar Geir Tønnesland om ein særs pressa økonomi.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Ja til å prøve ut ny modell

23. juni kalla klubben inn til ein pressekonferanse der planane vart presentert. Administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal omtala det som ein merkedag i Starts historie.

Han sa også at dette gjer klubben i stand til å ta stega som trengst for å bli ein toppklubb i norsk fotball igjen.

Det ekstraordinære årsmøtet gav også grønt lys til å prøve ut ein heilt ny selskapsmodell. Den vil gjelde frå 1. januar 2018.

Modellen inneber at investorane vil ha full styring. I dagens dualmodell har ikkje investorar beslutningsmyndighet over det sportslege. Det blir det altså opna for i den nye modellen (sjå faktaboks).

Christopher Langeland

Christopher Langeland blir styreleiar i aksjeselskapet «Start En Drøm AS», som tek over drifta av toppfotballen i Start.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Har møtt kritikk og skepsis

Mange har vore skeptiske til dei nye investorane. Dei går inn med private pengar. Men felles for dei alle er at dei har tent mange millionar kroner på internasjonale spelteneste gjennom selskapet Gaming Innovation Group (GIG), eit selskap som er børsnotert i Oslo.

Få dagar etter pressekonferansen fortalde NRK at den eine investoren, Mads Nesset, misbrukte nesten ein million kroner av grasrotpengane som styreleiar i Uranienborg Futsalklubb i 2013. Pengane vart betalt tilbake etter krav frå Lotteritilsynet.

Norges Idrettsforbund (NIF) er kritiske til dei nye investorane på grunn av at dei har tent pengar på internasjonale spelselskap. Konstituert generalsekretær Øystein Dale sa til NRK i juni at dette er i strid med verdigrunnlaget og tingvedtak i idrettsforbundet.

– Eg har ikkje høyrt noko frå NIF. Så eg reknar med at det som blir sagt i media ikkje er det som gjeld i verkelegheita vi går inn i. Eg har ikkje fått nokon formell førespurnad frå den sida, sa styreleiar Geir Tønnesland på det ekstraordinære årsmøtet.

– Lovleg business

Også Norsk Tipping er kritiske. Dei har omtala saka som ei etisk gråsone. Fotballforskar Tor Geir Kvinen har tidlegare sagt til NRK at klubben må stille spørsmål om dette er «typen» pengar dei treng.

Dette vart også tema på det ekstraordinære årsmøtet. Tønnesland forklarte at etikk har vore tema i styret.

– Vi konkluderte med at dette er investorar som har drive lovlege selskap og drive lovleg business. Dei har rett nok jobba med spelselskap utanlands. Det er heller ikkje ulovleg. Vi er opptekne av at IK Start og Start En Drøm AS skal følgje spelereglane i norsk idrett, sa Tønnesland.

– Eg ser ikkje grunn til å kritisere selskap utanfor landets grenser meir enn innanfor landets grenser. Vi kjem ikkje til å utfordre einerettsmodellen. Vi er glade for at dei vil investere noko av det dei har tent i Start si framtid, sa Tønnesland.

Christopher Langeland hevda under årsmøtet at Norsk Tipping tidlegare skal ha invitert Gaming Innovation Group (GIG) i ei anbodsrunde om spelsystem. Dette vart møtt med latter i salen.

– Vi følgjer lov om offentlege innkjøp. GIG er godkjend leverandør i EØS. Vi har ikkje lov til å diskvalifisere dei, skriv kommunikasjonsdirektør Tonje Sagstuen i ein SMS til NRK.

Ekstraordinært årsmøte Start

73 medlemmer hadde rett til å stemme på det ekstraordinære årsmøtet torsdag.

Foto: Sander Heggheim / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %