NRK Meny
Normal

Har spelt sin siste Start-kamp

Fernando Paniagua og Start har blitt einige om å terminere kontrakta, skriv ikstart.no.

fernando Paniagua

Fernando Paniagua har spelt sin siste kamp for Start. No flyttar han heim til Costa Rica.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Dette har blitt ei god og riktig løysing for alle partar, seier han til nettstaden.

Midtbanespelaren kom til Start før fjorårssesongen og spelte 15 kampar i eliteserien.

Laurdag orienterte han lagkameratane om at han flyttar heim til Costa Rica.

Må kutte millionar

– Det var tøft å ta farvel med spelarane og dei andre i klubben. Eg har fått mange gode vener gjennom tida i Norge, seier han.

Start opnar sesongen mot Lillestrøm om litt over ei veke. Det vert altså utan midtbanespelaren frå Costa Rica.

Fotballklubben må kutte over åtte millionar kroner på årets budsjett på grunn av økonomiske problem.

Tre ut på tre dagar

Administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal, seier følgjande:

– Fernando har vore profesjonell og løysingsorientert i den situasjonen som har oppstått. Det er fleire forhold som gjer at dette er den beste løysinga for han og oss, seier han.

Paniagua er den tredje Start-spelaren som forlet klubben på få dagar. Torsdag vart det klart at både Bismark Acosta og Alejandro Castro har skrive under for 1. divisjonsklubben Brann.