– Dette kunne ha gått veldig ille for det er store krefter på gang når ei stor maskin sklir ut i vatn, seier fylkesdirektør for samferdsel i Agder Ola Olsbu.
Fredag 1. mars sklei ei gravemaskin ut ved eit vatn ved Gjerustadkilen i Åmli. Der blir det bygd ei vegfylling for ny fylkesveg mellom Åmli og Tvedestrand.
Maskinføraren tok seg ut av maskina og kom seg inn på trygg grunn.
Saman med gravemaskina sokk cirka 20 meter av den nye vegfyllinga og blei borte under vatn.
Ligg framleis under vatn
Olsbu orienterte onsdag samferdselspolitikarane i fylket om hendinga og konsekvensane av ho.
Han fortel at dei trudde dei hadde bora heilt ned til grunnen, men at det viste seg å ikkje stemme.
– Det var eit løyst lag under det vi trudde var fjell som heile fyllinga har sklidd på, seier Olsbu.
Over ein månad etter hendinga ligg gravemaskina framleis under vatn. Årsaka er at ein vil sikre at redningsarbeidet skjer på ein trygg måte, ifølge Olsbu.
Også 24. februar skjedde ei liknande hending same stad. Denne gongen sklei gravemaskina og fall på sida. Den hamna ikkje under vatn.
Olsbu seier dei da trudde det dreidde seg om eit uhell og ikkje om grunnforholda.
Tar sikkerheita på alvor
Byggeleiar Paul Ridola i Agder fylkeskommune har i ei pressemelding uttalt at det viktigaste er at ingen blei skadde.
– Menneska som jobbar på prosjektet og sikkerheita deira tar vi på største alvor, sa Ridola.
Samferdselssjef Ola Olsbu seier dei nå har god dialog med entreprenøren for å finne nye tekniske måtar å løyse problemet på.
– Vil dette forseinke prosjektet?
– Vi må komme tilbake til om det er mogleg å ta det igjen eller om det blir meirarbeid. Det viktigaste er å finne ei løysing som gir full sikkerheit for maskiner, mannskap og dei som jobbar på anlegget.
Vegstrekninga på 5 kilometer er og berekna å koste 200 millionar kroner. Det er fylkesveg 415 mellom Selåsvatn og Simonstad som blir bygd om.
Olsbu bekreftar at prosjektet truleg vil bli dyrare som følge av hendinga.
Brannvesenet blei varsla
Fylkeskommunen har bestilt ekstra grunnboring av området. Riggen kom til prosjektet 5. mars for å starte undersøkingar.
Byggherre og geoteknikar jobbar vidare for å sikre forholda for det vidare vegarbeidet i Gjerustadkilen.
På grunn av mogleg forureining frå maskina blei brannvesenet varsla om hendinga 1. mars og dei la ut lenser for oppsamling av eventuelle utslepp frå gravemaskina.
Ein dykkar har også vore nede i vatnet for å sjekke forholda.