Hopp til innhold

Gjer nye grep i gullkampen

ØIF Arendal tek grep for å få utkvilte spelarar i serieinnspurten. Normalt reiser dei til bortekampane same dag, men mot Bækkelaget reiser dei dagen før.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

Andre Jørgensen Hofstøl og ØIF-spelarane gjer det dei kan for å førebu seg best mogleg til kampen mot Bækkelaget. Bilete er frå cupfinalen mot Bodø i desember.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Vi vil ikkje at ting skal vere ugjort eller uprøvd når det står veldig mange viktige poeng på spel, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

Handballklubben toppar eliteserien à poeng med Haslum med fire serierundar att.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Haslum har spelt ein kamp meir enn arendalittane etter at dei slo Stord på heimebane tidlegare denne veka.

Utkvilte spelarar

Det betyr at ØIF ikkje har råd til å gje frå seg poeng for å behalde førarsetet i tetstriden.

Difor reiser klubben austover allereie laurdag ettermiddag og ladar opp til kampen mot Bækkelaget søndag kveld.

– Vi har ein del småbarnsforeldre i gruppa vår. Dei skal få kvile skikkeleg og vi vil ha kontroll på heile gjengen. Vi veit at dei har kvilt og ete godt før det vi ser på som ein veldig viktig kampen, seier han.

God effekt tidlegare

Ifølgje Michelsen var det spelarane sjølve som ynskte å reise austover dagen før kampen.

– Vi har sett at det har ein effekt. Vi får samla spelarane og får eit skikkeleg spelarmøte. Vi har hatt god suksess med det tidlegare.

– Eg trur nesten ikkje vi har tapt tidlegare når vi har overnatta før ein bortekamp, legg han til.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %