– Vi har lagt oss på favorittplass, men det er ein lang veg. Vi må leve på topp kvar einaste kamp. Då er moglegheitene ganske gode, seier Kurtovic til NRK.
Onsdag kveld sikra ØIF to poeng i toppoppgjeret mot gullutfordrar Haslum. Sigeren gjer at ØIF toppar tabellen to poeng føre Bodø og Haslum med fire kampar att.
– Det gjeld å ta ein kamp om gongen, seier Marcus Dahlin.
- Les også: ØIF festa grepet om seriegullet
Møter nedrykkstruga lag
– Vi tenkjer ikkje så mykje på gullet. Vi prøver å tenke kamp for kamp. Det er utruleg viktig no. Den største utfordringa er oss sjølve no framover, seier keeper Svenn Erik Medhus.
ØIF Arendal skal spele tre av dei fire siste kampane på bortebane. Dei skal møte Bækkelaget, Drammen, Stord og Runar Sandefjord.
Felles for dei alle er at dei kjempar om å unngå nedrykk til 1. divisjon.
– Dei slåst for livet. Vi må mobilisere maksimalt, så får vi ta det derifrå, seier Kurtovic.
– ØIF er favoritt
No er trenaren oppteken av at spelarane held bakkekontakt sesongen ut.
– Min jobb er å få dei ned på jorda og få spelarane til å yte 110 prosent. Då er vi gode. Går vi ned på 90-95 prosent kjem vi til å tape desse kampane, seier trenaren.
Haslum-trenar Tom Eirik Skarpsno var ein slagen mann etter tapet i Arendal. Han meiner at sørlendingane er favorittar til å vinne eliteserien.
– ØIF er eit betre lag enn oss per dags dato. Kampen om gullet har vore tøff og den vil bli tøff for vår del. Eg held framleis Arendal som favoritt, seier Skarpsno.