Hopp til innhold

Sjå «The Voice»-finalistane sin nye musikkvideo

Pål Rake frå Vennesla gir ut singel saman med Tor Kvammen og Kristian Kristensen. Dei tre var konkurrentar i TV2-programmet «The Voice» i vinter.

– Vi snakka om dette allereie i desember at når «The Voice»-sirkuset var over, så ville vi gjere noko saman, seier Pål Rake til NRK.

Resultatet etter eit par dagar i studio vart Beatles-låta «Something».

– Vi vart veldig fascinert av kvarandre sine musikalske evner og stemmer. Vi fall verkeleg for stemmekvaliteten til kvarandre og tenkte at det var noko å byggje vidare på, seier han.

Vurderte 50 låtar

Pål Rake

Pål Rake gav ut si første plate på vinyl i 2011. Den fekk tittelen «For seint å snu».

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Allereie i desember snakka trioen om å spele inn ei låt saman. Dette var midt under «The Voice» som vart sendt på TV2 gjennom vinteren.

– På kveldane når vi trengde avkopling hang vi ofte saman og snakka om dette. Sjølv om vi var konkurrentar bestemte vi oss for å gjere dette, seier Rake.

Rake, Kvammen og Kristensen laga ei liste over 50 låtar som aktuelle. Til slutt landa dei på Beatles-låta «Something».

– Vi hadde berre råd til to dagar i studio, ler Rake.

– Den første dagen spelte vi Pharell Williams si låt «Happy». Den sat ikkje heilt, men så prøvde vi «Something», og den fungerte veldig bra, seier han.

Bitre konkurrentar

Rake kjenner ikkje til at deltakarar i musikkprogramm på TV tidlegare har gått saman i ettertid.

– Vi hadde lyst til å sende ut eit signal om at sjølv om vi var konkurrentar så kan vi jobbe saman etterpå. Vi tykkjer det er fint å kunne vise at vi ikkje er så bitre konkurrentar som vi framstod på tv, seier han.

Han understrekar samstundes at alle tre også satsar vidare på ei solokarriere.

– Vi har våre solokarrierer som vi jobbar parallelt med, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %