Foreslår når ei folkerøysting skal skje
– Endringar i kommunestrukturen engasjerer mange. Vi meiner det er viktig å få synspunkta til innbyggjarane for å avgjere om Søgne og Songdalen skal bli delt eller ikkje. Vi føreslår at folkeavrøystingane blir gjennomført i veke 4 og 5 i 2024, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
I forskriftene er det lagt opp til at det skal vere mogleg å røyste i den digitale løysinga frå måndag 22. januar 2024 fram til fredag 2. februar 2024.
Dette legg til rette for eit vedtak om deling før sommaren 2024 og at ei eventuell deling av Kristiansand kommune vil kunne tre i kraft frå 1. januar 2026, skriv departementet i ei pressemelding.
Departementet sender i dag ut forslag til forskrifter for gjennomføring av rådgjevande folkerøystingar i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar om deling av Kristiansand kommune på høyring.