– Vi meiner det er viktig å få synspunkta til innbyggjarane for å avgjere om Søgne og Songdalen skal bli delt eller ikkje, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Regjeringa føreslår at folkeavrøystingane blir gjennomført i veke 4 og 5 i 2024.
Det lagt opp til at det skal vere mogleg å røyste i den digitale løysinga frå måndag 22. januar fram til fredag 2. februar.
Dette legg til rette for eit vedtak om deling før sommaren 2024. Ei eventuell deling av Kristiansand kommune vil kunne tre i kraft frå 1. januar 2026, skriv departementet i ei pressemelding.
Departementet bekreftar at det også blir nyval i gamle Kristiansand med nytt bystyre frå 2026 om kommunegrensa blir endra.
16-åringar får seie sitt
Det er føreslått at innbyggjarar i områda som svarar til høvesvis tidlegare Søgne og Songdalen kommunar har røysterett.
Regjeringa føreslår røysterettsalderen er sett til 16 år, det vil seie at alle som har fylt eller fyller 16 år i 2024 vil ha røysterett i folkerøystingane.
Forskriftene om folkerøystinga blir i dag sendt ut på offentleg høyring. Frist for høyringssvar er 20. desember.
Valgdirektoratet vil få ansvaret for gjennomføringa av røystinga.
Ordførar: – Manglar framleis svar
Ordførar i Kristiansand, Mathias Bernander (H), er ikkje overraska over at ei folkerøysting er føreslått til tidleg neste år.
– Men vi manglar framleis svar på viktige spørsmål. Mellom anna om korleis ein vil tolke fleirtalet uansett oppslutning, om korleis eit eventuelt nyval blir bli gjort, seier Bernander.
Bystyremedlem i Kristiansand Tonje Alvestad (SV) meiner at jo før folkerøystinga blir gjennomført, jo betre.
– Det vart banka gjennom i Stortinget i går, og høyringa er ute i dag. Nå går det slag i slag, seier ho.
– Kva synest du om at Kristiansand kan bli delt allereie om to år?
– Det er klart at det gjer noko med motivasjonen til å halde på med lokalpolitikk. Vi er valt for Kristiansand kommune, og vi skal stå på fram til noko anna er avklart, seier Alvestad.
Svar «Ja» eller «Nei»
I høyringsnotatet skriv departementet korleis dei meiner at spørsmålet i folkerøystinga bør bli formulert;
- «Meiner du at tidlegare Søgne/Sogndalen kommune bør skiljast ut frå Kristiansand kommune og bli ein eigen kommune?»
Svaralternativa vil vere «ja» eller «nei», i tillegg skal det og vere mogleg å gi «blank stemme».