Hopp til innhold

Fjerna ulovlege skilt: – Dette blir ikkje populært

Har du planar om å setje opp skilt for å få parkert på ein plass du sjølv har måkt, bør du leggje den frå deg.

Fjerna ulovlege skilt i Kristiansand

Sjå reportasje.

Kommunetilsette har allereie starta arbeidet med å ta vekk slike skilt i Kristiansand..

Glen Allan Eikeland

Produksjonssjef i ingeniørvesenet, Glen Allan Eikeland, er klar i si sak om at dei heimesnikra parkeringsskilta er ulovlege.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen / NRK

Henry Nilsen

Henry Nilsen har sidan 60-talet sett naboar setje opp skilt når dei har måka offentlege parkeringsplassar.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen / NRK
– Dette blir ikkje populært, det er heilt sikkert.

Fagarbeidar i ingeniørvesenet i Kristiansand kommune, Kjell Åsan, var torsdag ein av mange som vandra i brøytekanten på jakt etter heimesnikra skilt.

Ulovleg skilting

Den siste tida har fleire sett opp skilt på offentlege parkeringsplassar som dei har måka sjølve.

Kommuna meiner det både er ulovleg og frekt.

Produksjonssjef i ingeniørvesenet, Glen Allan Eikeland, har forståelse for at folk gjer det, men seier det er ulovleg.

– Eg kan forstå at dei som har måka plassen tykkjer det er trist viss nokon tek den, men no er det ein gong slik at det er offentleg parkering. Det er ikkje lovleg, alle skilt som blir satt opp langs offentleg veg skal vere offentleg skilta.

Gratis underhaldning

Men ordninga med heimesnikra skilt er langt fra ny. Henry Pedersen har sidan 60-talet sett skilt som dukkar opp i brøytekanten når vinteren kjem.

– Allereie den gongen var det dei som praktiserte å skuffe seg ut ein plass og setje opp skilt.

Marit Aasgård seier ho ofte opplever naboar som kranglar om måkte parkeringsplassar.

– Det er gratis underhaldning i kjøkkenvindauget kvar dag når snøen fell.

Fryktar konsekvensar

Aasgård har forståelse for at folk blir frustrerte når andre tek plassen dei har måka.

– Når folk står å grev ut ein parkeringsplass i to timar, for så at ein nabo som ikkje gidd å gjere det kjem å tek den før dei kjem heim frå jobb, så forstår eg at dei blir irritert.

Kjell Åsan i kommuna fryktar ein konsekvens av at dei fjernar skilta kan vere at folk parkerar uforsvarleg.

– No blir det berre endå dårlegare å parkere, så gidd ikkje folk å skuffe og då parkerar dei berre endå lenger ut i vegen.

Skilt

Heimesnikra skilt som dette har dukka opp i fleire brøytekantar etter at privatpersonar måkar for eigen maskin, og ikkje vil at nokon andre skal stikke av med plassen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %