Hopp til innhold

Fann kvelarslange i bil

Tollvesenet i Kristiansand beslagla ein boaslange då danskeferja kom i land natt til søndag.

Kvelarslange i Kristiansand

Denne kvelarslangen vart funne i ein bil som køyrde av danskeferja i Kristiansand.

Foto: Tollvesenet

– Slangen vart funne i ein tøypose, seier vaktsjef i Tollvesenet, Ellinor Vedal til NRK.

Det var under ein rutinekontroll på hamna i Kristiansand at slangen vart funne.

I bilen var det tre unge menn. Ein av dei, ein 21-åring, innrømte at han hadde henta den i Danmark.

Ellinor Vedal

Ellinor Vedal er vaktsjef hos Tollvesenet i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Han fortalde at han hadde kjøpt den i Danmark, der det er lovleg, seier Vedal.

21-åringen er meld til politiet.

Mattilsynet avgjer skjebnen

– Den er ulovleg innført. Ofte vert slike dyr avliva, seier vaktsjefen hos Tollvesenet, som ikkje tykkjer det er særleg artig å beslaglegge slangar.

– Det er ikkje akkurat det beste vi veit. Med jamne mellomrom finn vi dyr i våre kontrollar. Alt frå fuglar, på merkverdige plassar, til krypdyr. Som oftast er det snakk om hundar, seier Vedal.

Det er no opp til Mattilsynet å avgjere kva som skal skje med kvelarslangen.

NRK har forsøkt å komme i kontakt med nokon som kan svare på det, utan å lukkast.

Boaslangar er ikkje giftige, men drep byttet ved å slynge seg om det.

Må seie nei til slangar

I april i fjor vart det funne ein 2,5 meter lang tigerpyton under ransaking av eit hus i Kvinesdal.

Den tok Kristiansand Dyrepark hand om. Men ofte må dei seie nei.

– Vi får mange spørsmål om å ta imot slangar frå beslag over heile Norge, nokre gonger kvar einaste veke. I løpet av eit år må vi særs ofte seie nei, sa veterinær i Dyreparken, Rolf-Arne Ølberg til NRK i april i fjor.

Mattilsynet har gjennom fleire år teke til ordet for å oppheva forbodet mot fleire dyreartar.

– Forbodet vi har i dag blir ikkje respektert, og er vanskeleg å handheve. Då meiner vi det er betre for dyrevelferda å gjere hald av enkelte dyr lovleg, sa sjef i seksjon for dyrevelferd i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud i fjor.

Laster Twitter-innhold
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %