Hopp til innhold

Eksklusivt vatn er springvatn

Det eksklusive vatnet, Voss of Norway, frå Iveland vert tappa frå eit kommunalt vassverk. Geologar kallar vatnet vanleg norsk grunnvatn.

Voss of Norway
Foto: Gunnar Olsen / NRK

Det har komme fram i ein TV2-dokumentar. I over ti år har Voss og Norway marknadsført Voss-vatnet, som noko av det mest eksklusive som fins.

Samarbeider med kommunen

Men no viser det seg altså at det ekslusive vatnet vert pumpa opp frå ein grunnvassbrønn, som vert formidla via det kommunale vassverket i Iveland.

– Det er korrekt at også dei kommunale abonnentane i området får det same vatnet som vi tappar på flasker. Det er i utgangspunktet ei samarbeidsavtale med Iveland kommunen som gjer at vatnet kjem frå same kjelde, seier styreleiar Rune Fløgstad til Voss of Norway til TV2.

– Er det då kjeldevatn?

– Det er eit kjeldevatn i henhold til den merkinga vi har på flaskene våre, seier han.

– Vil gjere ting skikkeleg

Son til tidlegare statsminister, Gro Harlem Brundtland, er aksjonær i selskapet. TV2 sette også fokus på vassprosjekta i Afrika, og om dei er godkjende av lokale styresmakter.

– Eg vil gjere ting skikkeleg, lovleg og skikkeleg. Dersom det viser seg at noko er gale, er eg den første til å rydde opp, seier Knut Brundtland til kanalen.

– Her er det ikkje noko gale. Då vil eg ikkje bruke tid på å diskutere dette. La oss heller diskutere korleis vi kan få til fleire vassprosjekt, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %