Hopp til innhold

Ordførar bygde volleyballbane i strandsona utan å søke

Kristiansandsordførar Jan Oddvar Skisland (Ap) seier han ikkje tenkte tanken på at han måtte søke, då han bygde ei volleyballbane på hytta.

Volleyballbana vart bygd for kring ti år sidan på hyttetomta til Skisland i Iveland.

– Eg tenkte rett og slett ikkje på at vi måtte søke då vi gjorde dette. Det var ein sandbanke med litt tre og røter som vi fjerna. Så fylte vi på litt sand. Men tanken om at eg måtte søke slo meg ikkje, seier Skisland til NRK.

Skisland er ordførar i Kristiansand. Hytta hans ligg i Iveland kommune, nokre mil inn i landet.

I juni hadde Skisland andre ordførarar og kommunedirektørar på besøk på hytta. Då vart volleyballbana brukt, skriv Fædrelandsvennen.

Får hjelp av firma

Ifølgje avisa, som skreiv om saka først, meiner Iveland kommune at volleyballbana er søknadspliktig.

Skisland har no engasjert eit firma som skal hjelpe han vidare.

– Dei var veldig i tvil om dette skulle søkast om eller ikkje, seier Skisland.

Men tenesteleiar Egil Mølland i Iveland kommune er av ei anna oppfatning.

– Vi har dialog med firmaet no, men vi står på at vi meiner det er søknadspliktig, seier Mølland.

Jan Oddvar Skisland

Jan Oddvar Skisland er ordførar i Kristiansand kommune. Hytta der han har laga ei volleyballbane utan å søke ligg i Iveland kommune.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Ligg i strandsona

Hytta og volleyballbana ligg like ved elva Otra og ligg dermed i strandsona.

– Det ligg ei gammal sandstrand der, og vi har tilpassa området litt. Må vi søke, så må vi søke. Det må vi forholde oss til, seier han.

– Har du som folkevald eit ekstra ansvar for å sjå til at reglar vert følgt?

– Det har vi alle uavhengig av om ein er ordførar eller ikkje. Men vi må i alle fall gjere det, seier ordføraren.

Det er kring ti år sidan volleyballbana vart bygd. Den vart bygd etter at han gjekk av som ordførar i Kristiansand i 2007, og altså før han vart ordførar igjen i 2019.

To moglege utfall

Tenesteleiaren i Iveland er no klar til å vurdere ein søknad. Han seier det ikkje er uvanleg at det kjem søknader i etterkant.

– Generelt rundt omkring i kommunane er det nok ikkje uvanleg at nokon utfører eit lite tiltak og finn ut i ettertid at det var søknadspliktig, seier Mølland.

– Kva som er søknadspliktig er det ikkje ei sylskarp grense på. Det er gjerne ei skjønnsmessig vurdering. Så eg har forståing for at nokon kan finne det vanskeleg, seier han.

– Har folkevalde eit ekstra ansvar for å sørge for at reglar vert følgt?

– Vi handterer alle likt uavhengig av rolle og posisjon. Reglane knytt til desse tinga er ikkje lett å henge med på. Det er stadig endringar. Men vi oppfordrar folk om å ta kontakt dersom ein er usikker på om noko er søknadspliktig, seier han.

Det er no to moglege utfall i denne saka. Anten får Skisland volleyballbana godkjent. Eller så må området tilbakeførast slik det var før volleyballbana kom på plass.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %