Hopp til innhold

Mopedførar omkom på E18

Ein mann i 20-åra mista livet etter ei ulykke på E18 i Kristiansand.

Ulykke E18 Kristiansand

Naudetatane på plass på Varoddbrua i Kristiansand.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

Ulykka på Varoddbrua skjedde like før klokka ni torsdag morgon. Ein moped og ein lastebil var involvert.

Mopedføraren var medvitslaus då han vart send til sjukehus. Tilstanden vart då beskrive som kritisk.

Veit ikkje kva som skjedde

Fire og ein halv time seinare stadfesta politiet at mannen er død.

– Vedkommande døydde på sjukehuset, fortel operasjonsleiar i Agder-politiet, Sveinung Alsaker til NRK.

Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent. Torsdag føremiddag sa politiet til NRK at mopeden har velta.

Operasjonsleiaren i Agder-politiet seier at etterforsking no pågår.

– Saka er under etterforsking. Det er ingenting som tyder på at det er noko straffbart som har skjedd. Kva som har skjedd er noko etterforskinga vil avklare, seier Alsaker.

– Både krimteknikarar frå politiet og teknikarar frå ulykkeskommisjonen til Statens vegvesen har vore på staden og gjort undersøkingar for å forsøke å få klarlagt hendingsforløpet, seier operasjonsleiaren.

Fleire vitne

Ifølgje politiet var det fleire vitne til ulykka.

– Vi vil også samle inn diverse informasjon frå diverse kjelder og vitne, seier han.

Ulykka skjedde i austgåande retning. Vegen var stengd i over ein time.

Ulykke på Varoddbrua

Ulykka har skjedd på Varoddbrua like aust for Kristiansand sentrum.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK
Varoddbrua

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %