Det har politiet konkludert med.
– Han leverte sprengstoffet i beste meining, så han vil ikkje få nokon reaksjon, seier politiførstebetjent Einar Deisz til NRK.
I førre veke vart Tinghuset og politistasjonen i Farsund evakuert då mannen ville levere ifrå seg gammalt sprengstoff.
Det var politiet si bombegruppe i Oslo som vurderte at sprengstoffet kunne vere farleg og anbefalte evakuering.
Sprengstoffet som er mellom 15 og 20 år gammalt er krystallisert, som gjer det ustabilt. Politiet frykta at det kunne eksplodere berre ved berøring.
Mannen hadde først forsøkt å levere sprengstoffet inn på ein avfallsplass som ikkje ville ta imot det. Der vart han bede om å gå til politiet.
Politiet opplyser at dei av og til få meldingar om gammalt sprengstoff som vert funne.
– Det er viktig at folk som finn sprengstoff ikkje rører det. Politiet må kontaktast så tek vi hand om det der det ligg, seier Deisz.