Hopp til innhold

Delte meiningar om bilfritt sentrum

Fleire politikarar i Mandal vil jobbe for bilfritt sentrum. I Arendal og Kristiansand er ikkje politikarane så tydlege.

Gratis parkering i Arendal

Bilfritt sentrum har førebels ikkje vore tema i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ap, SV og Miljøpartiet dei Grøne skal styre Oslo dei neste fire åra og vil jobbe for at sentrum i hovudstaden skal bli bilfri innan 2020.

Dei tre partia legg også opp til eit storstilt byg ging av sykkelvegar og sykkelfelt.

Ordfører Mandal Alf Erik Andersen

Alf Erik Andersen (Frp) er ordførar i Mandal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Tove Welle Haugland

Tove Welle Haugland sit i bystyret i Kristiansand for KrF.

Foto: Anne Signe Øygarden
Robert Cornels Nordli

Robert Cornels Nordli (Ap) er ordførar i Arendal.

Foto: Odd Rømteland

Ei ringerunde til sentrale politikarar i Mandal, Kristiansand og Arendal viser at bilfri sentrum kan bli ein realitet også i sør.

Vil ha bilane vekk frå sentrum

Mandalsordførar Alf Erik Andersen (Frp) er den politikaren vi har snakka med som er mest ivrig på eit bilfritt sentrum. Ordføraren føreslo eit bilfritt sentrum allereie i sin første ordførartale.

– Eg trur det er framtida i forhold til å legge til rette for utvikling av sentrum. Vi ser ein del av biltrafikken som går gjennom sentrum i dag kun er gjennomgangstrafikk. Vi ynskjer å utgreie eit betre alternativ slik at vi kan utvikle sentrum der vegen går i dag, seier han til NRK.

– Så raskt vi har eit alternativ som er minst like bra som i dag er Mandal bilfritt. Då treng vi drahjelp frå Statens vegvesen og samferdslekomiteen på fylket for å få til eit minst like godt alternativ til trafikken vi har i dag, seier Andersen.

Vil ha vekk gateparkering

Bystyrepolitikar Tove Welle Haugland (KrF) i Kristiansand meiner også at bilfritt sentrum vil tvinge seg fram.

– Det viktige no er at vi får nokon av dei mest sentrale gatene i byen fri for gateparkering. Det er viktig for å få eit betre miljø i sentrum, seier ho.

– Når kan det skje?

– Eg håpar vi kan starte så raskt som råd. Arbeidet med parkeringshuset på Torvet er allereie i gang. For meg ligg det nærast som eit premiss for å byggje parkeringshuset at vi får bilfrie gater. Spesielt i dei mest sentrerte handlegatene, seier ho.

Men KrF-politikaren har lite støtte frå andre politikarar i byen. Både ordførar Harald Furre (H), varaordførar Jørgen Kristiansen (KrF) og opposisjonsleiar Mette Gundersen (Ap) svarar nei på spørsmål om dei vil jobbe for eit bilfritt sentrum.

Ikkje tema i Arendal

KrF-politikaren har ikkje tru på eit bilfritt sentrum i Kristiansand med det aller første.

– Det kan vere eit mål på lang sikt. Men på kort sikt må vi tenke på korleis vi skal få det beste bymiljøet. Det vil vere å få vekk mykje av gateparkeringa og tomgangen vi har i sentrum, seier ho.

Ifølgje arendalsordførar Robert Cornels Nordli har ikkje bilfritt sentrum vore tema blant politikarane der.

– Førebels har vi ikkje diskutert dette. Men det kan godt hende at det vil bli ein diskusjon etterkvart. Eg har ikkje fundert mykje rundt dette førebels, seier han.

Vil du jobbe for bilfritt sentrum i din kommune?

Namn (parti)

Kommune

Svar

Harald Furre (H)

Kristiansand

Nei.

Jørgen Kristiansen (KrF)

Kristiansand

Nei. Men jobbar gjerne med å forby diesel og bensindrivne bilar innan eit gitt tidspunkt.

Mette Gundersen (Ap)

Kristiansand

Nei. Trur vi startar med å få stoppa parkeringshuset.

Tove Welle Haugland (KrF)

Kristiansand

Ja.Det viktige no er at vi får nokon av dei mest sentrale gatene i byen fri for gateparkering.

Robert Cornels Nordli (Ap)

Arendal

Har ikkje teke stilling til spørsmålet.

Terje Eikin (KrF)

Arendal

Svarte ikkje.

Anders Kylland (Frp)

Arendal

Nei. Vi bør imidlertid ta en runde på om vi må gjøre endringer på gateplan vedrørende parkering, flere korttidsplasser uten avgift og færre avgiftsplasser på gateplan.

Alf Erik Andersen (Frp)

Mandal

Ja. Eg trur det er framtida i forhold til å legge til rette for utvikling av sentrum.

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V)

Mandal

Ja. Venstre vil heilt klart jobbe for ei gågate prioritert for gåande, syklande og for kollektivtrafikk. Helst utan bilar.

Even Tronstad Sagebakken (Ap)

Mandal

Svarte ikkje.

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %