Det starta som ein fleip over ein kaffikopp på lærarrommet ved Drottningborg vidaregåande skule i Grimstad.
Det førte til at eit par lærarar testa ut moglegheitene roboten gav. Også for lærarane.
– Eg bad «ChatGPT »om å vurdere oppgåver som allereie var retta. Og å gi karakterar.
– Resultata som dukka opp på skjermen var mildt sagt overraskande, seier lærar for ein avgangsklassane, Anne Kristine M. Soldal.
Lærer Anne Kristine M. Soldal mener skriveroboten vurderer oppgaver overraskende bra.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRKRoboten gav nemleg påfallande like vurderingar som det lærarane hadde gjort i forkant.
Til liks med mange andre skular har det vore skepsis til bruken av skriveroboten «ChatGPT» i skulen.
Frykta er at elevar skal bruke teknologien til å jukse i oppgåver. Dette er svært vanskeleg å oppdage fordi roboten skriv ulikt kvar gong.






Overraskar elevane
Då NRK besøkjer skulen veit ikkje elevane at det er robot som har vurdert oppgåvene deira.
Soldal kjem inn til klassen sin med eit lurt smil om munnen.
– Eg kan no avsløre at det er «ChatGPT» som har vurdert oppgåvene dykkar. Den har også gitt karakterar.
Lærer Anne Kristine M. Soldal avslører at det er skriveroboten ChatGPT som har vurdert oppgåvene deira.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRKOppgåva elevane har svart på er slik: «Skriv ein korttekst der du tolkar og samanliknar dei to dikta Smaaguttenes Nasjonalsang og Mitt vesle land.»
Fleire av svara til elevane blir viste fram på ein storskjerm.
Karakterane og vurderingane til roboten vekkjer først latter. Så blir det diskusjon i klasserommet.
Andreas Skipstad Kristensen har fått ein firar av programmet. Roboten skriv mellom anna dette:
«Teksten er klar og omfattande i skildringa si av songane, men manglar litt nyansering i si vurdering av betydninga og innhaldet i songane.»
– Det verkar som roboten har treft ganske bra. Det er jo også den karakteren eg ligg på i faget, seier Andreas litt overraska.
Men han er samtidig litt skeptisk til at roboten no har gjort jobben til læraren.
– Blir litt rart å bruke denne til retting og særleg karakterar. Eg trur ikkje læraren veit kva roboten legg vekt på og omvendt. Men den kan sikkert vere ok som ei hjelp.
Andreas Skipstad Kristensen fekk ein firar av skriveroboten og meiner han trefte bra. Men er skeptisk til å la han gjere rettejobben.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRK– Kan frigjere tid for lærarane
Tilbake i klasserommet går det ikkje mange minutta før elevane finn sin måte å teste «ChatGPT» på. Amanda Elgetun bad den vurdere oppgåva hennar to gonger etter kverandre.
– Eg fekk to ulike karakterar. Første gong ein femmar, deretter ein firar.
– Så eg stoler ikkje heilt på karakteren han gir, seier Elgetun.
Men lærer Soldal har ein litt anna erfaring gjennom testinga si. Ho meiner roboten treffer ganske bra.
Men ho presiserer at læraren sjølvsagt må ha det avgjerande ordet.
– Eg kan også diskutere med roboten. I ei oppgåve synest eg den var for snill då den gav ein femmar. Språket var ikkje optimalt, skreiv eg til han.
Roboten gjorde så ei ny vurdering. Den kom fram til det same og grunngav dette, fortel ho.
Assisterande rektor ved Drottningborg vidaregåande skule, Roger Kransvik sa ja til å prøve ut robotane til rettinga.
Han meiner teknologien vil bli stadig betre og er sikker på at den vil bli brukt av lærarar.
– Førebels testar vi dette ut. Ser vi at roboten kan gjere ein like bra rettejobb på ein brøkdel av tida som lærarane. Så kvifor ikkje bruke den.
Han legg til at dette kan frigjere tid med lange rettebunkar. Lærarane kan då bruke meir tid i klasserommet.






Skeptisk til karaktersetting
Jon Olav Sørhaug er universitetslektor ved Universitetet i Agder.
Han har forska på språk og ny teknologi. Han helsar utprøvinga av «ChatGPT» ved Drottningborg velkommen.
– Veldig interessant at lærarar testar ut det som ligg av moglegheiter i kunstig intelligens. Og det er liten tvil om at robotar vil får ei rolle i vurdering av oppgåver i framtida.
Han er samtidig skeptisk til å la robotane få for stor innverknad i å rette oppgåver og setje karakterar.
– Førebels er innhaldet i svara frå skriveroboten ganske tvilsame. Den kan gi ulike svar på same spørsmålet. Og karakterar er uansett ikkje fremjande for læringa.
Han seier styrken i programma ligg i språk, grammatikk og det å setje saman setningar.
– Teknologien bør heller brukast til å hjelpe elevane undervegs. Å vise kva dei kan i skriveprosess. Gi gode innspel.
– Ikkje for å skrive oppgåva for elevane, men som ei hjelp, legg han til.
Les også: Lærarar fortvila over ny kunstig intelligens
Les også: Kunstig intelligens – kan den lure ein lærar?
Forskar Jon Olav Sørhaug trur roboter kjem til å spela ei viktig rolle også i retting av oppgåver i framtida. Men han er skeptisk til å stola for mykje på vuderingane førebels.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRK