Hopp til innhold

Brannvesenet: – Sjekk datoen på røykvarslaren

Det finst rundt 10 millionar røykvarslarar i norske heimar, men mange veit ikkje at dei har avgrensa levetid. Det ønskjer brannvesenet å gjere noko med.

Røykvarsler

Brannforebygger Fred-Michael Simonsen er heime hos Carl Steven Dahl Danielsen og familien for å sjekke røykvarslarane.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

– Vi får sikkert nye røykvarslarar innan kvelden er omme, seier Kristine Dahl Danielsen.

Ho og familien har besøk av brannvesenet. Dei sjekkar om alt er i orden med røykvarslarane i huset.

Røykvarslarane til familien har gått ut på dato. På dei står det at dei skal bytast i 2022.

– Eg er veldig glad for at dette vart oppdaga, for eg var faktisk ikkje klar over det, seier Carl Steven Dahl Danielsen.

Røykvarsler

1. desember er røykvarslarens dag. Brannvesenet ønskjer at folk skal sjekke utløpsdatoen.

Foto: Caroline Utti / NRK

Les også Verneverdig bygning i Kristiansand gikk tapt i brann

brann i kristiansand

Varar i ti år

Kvart år døyr rundt 40 nordmenn i brannar. Mange av dei kunne vore redda av røykvarslar.

Dei fleste har røykvarslarar, men det kan vere ein falsk tryggleik.

1. desember er røykvarslarens dag. I år ønskjer brannvesenet at vi ikkje berre skal byte batteria, men vi må og sjekke at røykvarslaren ikkje har gått ut på dato.

– Røykvarslarar varar som regel i ti år før dei må bytast, fortel Fred-Michael Simonsen, brannførebyggjar i Kristiansandsregionen brann og redning IKS.

Elektronikken i røykvarslarar ringast over tid. I tillegg kan evna til å oppfatte røyk bli redusert som følgje av at støv og smuss samlar seg opp i løpet av åra.

– Viss dei verkar så er du jo heldig, men ein kan risikere at dei ikkje verkar når dei faktisk skal. Det kan vere fatalt, seier Simonsen.

Veit du når røkvarslaren din går ut på dato?

Påbode

Røykvarslaren vart påboden i norske heimar i 1990.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og du må ha minst éin varslar i kvar etasje.

– Slik eg ser det, er det å vere i ein bustad utan fungerande røykvarslar, som å køyre bil utan bilbelte, seier Rolf Søtorp, administrerande direktør i Brannvernforeningen i ei pressemelding.

Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Les også Halvparten av hyttene mangla fungerande røykvarslar: – Det er skremmande

Brannsikkerhet på hytta

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %