Det går fram av ein ny rapport frå Norsk institutt for skog og landskap.
– Vegetasjonsutviklinga etter ein brann kjem mykje an på kor hard brannen er. Det trengst ein meir nyansert diskusjon om verknadene av skogbrann, seier forskarane bak rapporten, Per Holm Nygaard og Roald Brean.
Dei to har studert verknadene av storbrannen i Mykland i Froland kommune i juni 2008, som var den største skogbrannen vi har hatt her til lands sidan 1844.
For raskt å få skogen i gang igjen er det viktig å satse på forynging og frøspreiing frå den brannskadde skogen framfor hogst, konkluderer dei. Brannskadde tre kan gjere jobben sjølv om dei ser skrale ut.
I Mykland fekk skogen raskt tilbake ein pionerprega vegetasjon på bakken, og etter fem år var forynginga av furu god, viser rapporten.