Hopp til innhold

Frå i dag er det generelt bålforbod i Noreg

Nå har våren komme og enda ein gong er det innført generelt bålforbod. Likevel kan det vere lov å fyre opp bål.

Bål

Det kan vere lov å brenne bål sjølv om det er generelt bålforbod i Noreg.

Foto: Inger-Lise Hansen / NRK

– Det er framleis lov å gjere opp bål, men ein skal vere sikker på at det ikkje kan ta fyr i terrenget.

Det seier brannsjef i Østre Agder brannvesen, Thoralf Bjørnbakk Juva.

Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg.

Les også Branngater skal sikre trehusbebyggelsen

Vil sikre trehusbebyggelsen i Ny-Hellesund, branngater

Flest brannar på Sørlandet

Det har vore over 100 brannar i heile landet så langt i år, ifølge tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Desse tala gjeld for brann i gras og innmark, og dessutan skog og utmark.

Skogbrann Åmli

Slik såg det ut etter skogbrannen i Åmli i fjor.

Foto: Leif Dalen / NRK

Likevel er det totalt sett færre brannar enn på same tid i fjor, da hadde det vore 131 brannar i Noreg.

Så langt har Brann- og redningsvesenet i Rogaland hatt mest å gjere med 46 utrykkingar, mens det berre har vore 5 brannar i Agder.

Men om ein ser på dei siste åra har det vore klart flest brannar i Agder.

– Uvitig bålbrenning og bruk av open eld er dei vanlegaste årsakene til brannar i skog og utmark. Nå på våren ligg det mykje tørt gras og lauv igjen frå i fjor. Sjølv eit lite bål kan fort spreie seg og komme ut av kontroll, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB i ei pressemelding.

Går inn i høgsesongen

I 2023 var det 1257 brannar i ut- og innmark, der heile 80 prosent av brannane kom i perioden frå april til juni.

Da var det 11 hendingar i snitt i denne perioden.

Les også Vil bygge opp igjen etter brannen

Brann Hove

Ansvarleg

Viss ein tenner opp eit bål er det den som har tent på bålet som er ansvarleg for elden.

– Vi oppfordrar folk til å følge med på skogbrannfareindeksen og vindforhold, slik at ein er sikker på at det ikkje kan ta fyr i terrenget, seier Thoralf Bjørnbakk Juva.

Thoralf B. Juva

Thoralf Bjørnbakk Juva er brannsjef i Østre Agder brannvesen og meiner folk er flinke til å respektere reglane dei gongene det har komme bålforbod.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Han legg til at det om det blir tørre periodar med stor skogbrannfare kan det komme regionale eller nasjonale oppfordringar eller totalforbod mot å gjere opp eld.

– Folk er flinke til å følge med på kva media og brannvesenet seier. Det håpar vi folk held fram med. Eit totalforbod er ikkje noko vi gir støtt og stadig, seier han.

Digitalt St.Hans-bål, Rune Nøstvik

Om det blir totalforbod ein periode er eit digitalt bål det næraste ein kjem eitt bål.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %