Hopp til innhold

Ber kommunar forby elsparkesyklar

Noregs Blindeforbund i Agder oppmodar alle kommunar aust i Agder til å forby elsparkesyklar.

Arendal har, som en av de siste byene i Norge, fått elsparkesykler.

Noregs Blindeforbund i Agder meiner kommunar bør forby elsparkesyklar.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Elektriske sparkesyklar har vist seg å vere til stor fare for fotgjengarar generelt, og blinde og svaksynte spesielt. Køyretøya er stillegåande slik at ein ikkje merkar at dei kjem, seier Arnt Beckstrøm Holte, leier interessepolitisk utval Noregs Blindeforbund Aust-Agder.

Førre veke vart Arendal kommune teken på senga då det plutseleg stod 100 elsparkesyklar i gatene.

Då kom det også fram at kommunen ikkje kan nekte selskapet Bovi å plassere ut elsparkesyklar i sentrum.

Årsaka er at dei ikkje har noka forskrift som regulerer utleige og bruk av elsparkesyklar. Ei slik forskrift må vedtakast i bystyret.

Men blindeforbundet meiner derimot at kommunen har lov til å seie nei til elsparkesyklar.

– Noregs Blindeforbund Aust-Agder oppmodar kommunane i Aust-Agder til å vedta lokale forskrifter som forbyr utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn, seier Holte.

Han peikar også på fleire andre utfordringar med elsparkesyklar.

– Fortau blir ofte brukte til mellombels parkering. Dette gjer det vanskeleg for synshemma, bevegelseshemma og eldre å ta seg fram, seier han.

Les også Våknet opp til 100 elsparkesykler. – Dukket plutselig opp

Elsyklene dukket opp over natta.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %