Hopp til innhold

Folkemusikk inn i skolen: – Heilt avgjerande

Folkemusikk og folkedans frå Setesdal skal permanent inn i undervisninga i grunnskolen i Bykle, Valle og Bygland.

Folkemusikk Setesdal

Folkedans frå Setesdal skal inn i fagplanen for skolane i området.

Foto: NRK

Prosjektet er ein del av Unesco Setesdal, og den nye fagplanen blei nyleg presentert.

Det var i 2019 at Setesdals kulturarv hamna på UNESCOs verdsarvliste, og nå skal han inn i skolen.

– Det er eit resultat av intenst arbeid med rekruttering, seier prosjektleiar for Unesco i Setesdal Annbjørn Lien.

Les også 16-åring spilte for kongeparet på selvlaget munnharpe

Emil Orthe (16) spilte munnharpe for kongeparet på deres besøk i Åseral

Folkemusikk og folkedans i Setesdal er rekna som ein sårbar tradisjon, og prosjektleiaren meiner det derfor er viktig at ein må begynne å lære det tidleg.

– Ein fagplan i folkemusikk, som eg trur kan vere den første i Noreg, er heilt avgjerande, og eit stort anker for rekrutteringsarbeidet vidare.

Meiner dei har nok

Hos elevane er det ei lunken mottaking på at kulturarven skal inn i skolen permanent.

– Eg meiner vi kanskje ikkje treng det. Vi kan ha det eit par gonger i året som vi har hatt, så trur eg det er nok.

Det seier Grunde Lillemo Mundal, som er leiar for elevrådet på Bykle skule.

Grunde Lillemo Mundal leder elevrådet Bykle skule

Grunde Lillemo Mundal leiar for elevrådet på Bykle skule.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Han fortel at dei fleste elevane på skolen synest det er litt kjedeleg å lære seg folkedans.

– Men det er viktig at vi ikkje mistar det. Derfor er det greitt å ha det eit par gonger i skoleåret, seier han.

Les også Festivalar blir hylla på nye frimerke

Palmesus på frimerke

Har sett på kor mykje ein kan meistre

Rektor ved Bykle skule Lars Erik Domaas, er positiv til at kulturarven nå blir ein del av skoleplanen.

Men det blir den store jobben å engasjere og vise at dette kan vere morosamt, seier Domaas.

Les også Kongeparet på besøk i Froland

Kongeparet i Froland

Fagplanen er lagt opp til Kunnskapsløftet. Den skal kunne brukast i skoleverket saman med det andre arbeidet elevane gjer i skolen.

Ei ressursgruppe av lærarar har sett på kor mykje elevane kan klare å meistre i løpet av eitt år.

– Vi har lagt nokon rammar for det og skapt eit innhald for det, seier musikkpedagog Åse Løvland, som har vore med å utvikle planen.

I planen står det mellom anna at elevane bør, minst ein gong i året, framføre folkemusikkaktivitetar for dei andre elevane eller på andre tilstellingar skolen arrangerer.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Eiendom med fire hytter i Søgne.

Kystperle til 14 millioner glapp for turistforeningen

Fulle søppeldunkar i Grimstad

Klarer ikkje ta unna søppelet: – Folk må gidde å gå litt

Forsvaret bekrefter at det de fant tidligere i dag ikke er eksplosiver.

Forsvaret mistenkte gjenstand: – Ikkje eksplosiv

E-18 forbi Bamble handelspark

Kjemper om E18-kundene med stadig større handelsparker – forsker mener bysentrum blør

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,71 kr
Dyrest kl. 19 1,02 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %