Hopp til innhold

Sandra (35) har fått eit oppdrag som ingen har gjort på 1000 år

På denne kollen på Rysstad i Setesdal kan det for første gong på 1000 år bli bygd ei stavkyrkje på gamlemåten med hest og øks.

Sandra Birkenes, Prosjektleder stiftelsen Setesdal stavkyrkje

Sandra Birkenes står på tomta der dei ønskjer å byggje ei stavkyrkje i Setesdal.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

– Eg er vel ikkje akkurat den ein ser for seg når ein skal byggje ei stavkyrkje, seier Sandra Birkenes og ler.

Ho har fått splitter ny jobb, som prosjektleiar, og ser fram til å ta fatt på ein jobb som ingen har gjennomført før henne.

Nyleg fekk den ferske prosjektleiaren nøkkel til sitt splitter nye kontor.

Den viktigaste oppgåva blir å skaffe pengar til å byggje ei ny stavkyrkje, eit steinkast unna der Hylestad stavkyrkje ein gong stod.

Den nye stavkyrkja kan bli den første som er bygd i Noreg på 1000 år - på gamlemåten.

Sandra Birkenes i stiftelsen Setesdal stavkyrkje

– Eg tykkjer det er gøy med utfordringar, seier Sandra Birkenes.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Må bruke hest og øks

Men det er ikkje ein liten jobb Birkenes har teke på seg.

Du kan trygt seie at arbeidet skal gjerast på gamlemåten.

Alt frå skogsarbeid til smiing av vêrhanen øvst på stavkyrkja, kalla takryttaren.

Maskinhøvelen blir erstatta med øks. Tømmeret skal vere lokalt. Det skal til og med transporterast med hest, ikkje traktor.

Det skal også fraktast på frosen mark for å attskape slepespor i stokkane.

Dei står også framfor eit omfattande treskjeringsarbeid.

Hylestadportalen er ein av dei mest kjende stavkyrkjeportalene vi har. Utskjæringane stod ved inngangen til kyrkjene.

o2Z671mymk

Utskjæringar av denne portalen er til og med motiv på kronestykket.

Kan ho klare dette?

Sandra Birkenes vedgår at ho har fått ein del spørsmål. Kan sosialantropologen med master i kunstfoto klare dette?

Ikkje er ho tømrar eller handverkar. Ho blir framleis spurd om «leg» på polet, og attpåtil er ho ikkje frå Setesdal.

– Skepsis gir meg motivasjon til å «køyre». Det viktigaste er at eg har ei gruppe med fantastiske fagfolk og handverkarar på laget. Difor er eg trygg på at vi skal klare dette.

Bilde av område hvor Hylestad stavkirke en gang sto

På dette jordet stod Hylestad stavkyrkje fram til 1664 då ho vart riven. Rysstad sentrum og riksveg 9 ligg rett over elva.

I mellomalderen var det over 1000 stavkyrkjer i Noreg, men mange av dei lei same skjebne som Hylestad stavkyrkje.

No er det berre 28 att, og kunnskapen om desse mellomalderbygga held på å døy ut.

Borgund stavkyrkje frå år 1181 framstår i dag som ei av dei best bevarte stavkyrkjene i landet.

Nettopp difor skal det byggjast ein rekonstruksjon av denne kyrkja i Setesdal.

I starten var dette berre eit lokalt prosjekt.

Stiftinga la fram ein prislapp på 40 millionar kroner for å reise kyrkja.

Ein modell vart bygd og ein fagdag vart halde for å skape entusiasme rundt prosjektet.

Modellbygger Marton Laksesvela viser frem stavkirkemodellen

Stavkyrkjemodellen blir til

Modellbyggjar Marton Laksesvela er ein av tre entusiastar som har bygd denne stavkyrkje-modellen.

stavkirkemodell av setesdal stavkirke

Rammeverket klart

– Vi har nok brukt 750 til 800 timar på å byggje denne modellen. Det står framleis att hundrevis av timar med arbeid, seier han.

Inne i kyrkjerommet

Kyrkjemodellen har også fått på plass små kyrkjegjengarar for å illustrere korleis det kan sjå ut inne i kyrkja.

Eigentleg felemaker

– Slik skal taket festast, seier Laksesvela, som er bonde og lagar feler i tillegg til denne modellen på fritida.

Sandra Birkenes ser på en modell av stavkirka som skal bygges i Setesdal

– Vært utrolig viktig

– Denne modellen har vore utruleg viktig for å skape engasjement rundt prosjektet, seier Sandra Birkenes.

Over 110 millionar kroner

Tilfeldigheitene ville det slik at Norsk handverksinstitutt samtidig var på leiting etter ei tomt som dei kunne byggje ei stavkyrkje på.

– Det var nesten litt flaks, seier Birkenes.

Tomta hadde dei, og no er samarbeidet eit faktum.

Her skal ny stavkirke ligge

Stavkyrkja skal liggje mellom riksveg 9 og Setesdalsmuseet, som ligg til venstre i bildet. Øverst til venstre ligg Setesdal bygningsvernsenter.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

No har dette vorte eit stort nasjonalt prosjekt.

Byggjestart er sett til 2024, og trua på at denne stavkyrkja kan bli ein realitet har auka hos både fagpersonar og lokalbefolkninga.

Men auka har også budsjettet. Med nesten tre-gongen. Frå 40 til 112 millionar kroner.

– Det er klart at dette er mykje pengar, men det er også eit heilt nytt prosjekt no. Medan vi før berre snakka om byggjekostnader så blir dette eit seks år langt løp der nesten 1000 handverkarar vil vere involvert. Dei vil lære meir om ein handverkstradisjon som held på å døy ut, seier Birkenes.

Ho nemner at prosjektet vil gi arbeidsplassar til bygda, engasjement for gammalt handverk, bevare lokalhistorie og ikkje minst auke turismen.

Sandra Birkenes i snakk med Eivind Falk i Norsk håndverkinstitutt

Første arbeidsdag og den ferske prosjektleiaren er i samtalar med kollegaen sin Eivind Falk i Norsk handverksinstitutt om stavkyrkja.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Største forskingsprosjektet

Instituttleiar ved handverksinstituttet Eivind Falk meiner dette kan bli eit av dei største forskingsprosjekta vi har sett innan tradisjonelt handverk og bygningsvern.

– Dette blir eit kjempeprosjekt. Det vil vere første gong på 1000 år at ein byggjer ei stavkyrkje på denne måten. Ved å byggje ho så prosessuelt autentisk som vi kan, så vil vi kunne få ny kunnskap om verktøy, materiale og ikkje minst om stavkyrkjene våre som vi ikkje har hatt tidlegare.

– Det er utruleg viktig at ein ny generasjon får høve til å ta del av og utvikle denne kunnskapen, slik at vi kan ta vare på kulturarven vår i framtida.

Eivind Falk

Eivind Falk frå Håndverksinstituttet har trua på at finansieringa skal gå i orden.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Øks frå 1200-talet

– Dette er ei øks som er heilt lik ei funnen her i området frå 1200-talet.

Det seier Anders Dalseg som jobbar på Setesdal bygningsvernsenter, og kjem til å bli sentral i bygginga av den nye stavkyrkja.

Inne på verkstaden ligg tømmer som er over 800 år gammalt.

Han gler seg til å formidle vidare kunnskap til yngre handverkarar.

– Det er det største prosjektet nokon gong gjort på tradisjonshandverk. Det blir utruleg stort, og det ypparste du kan vere med på i tradisjonsyrket, seier Dalseg.

Anders Dalseg

– Eg trur aldri vi har vore så nær ei stavkyrkje som no, seier Dalseg.

Replika av øks fra 1200-tallet

Dette er kopien av øksa frå 1200-talet som vart funne i Setesdal, og som kanskje skal brukast når stavkyrkja skal byggjast.

Anders Dalseg viser hvordan øksen fra 1200-tallet fungerer

Anders Dalseg viser korleis øksa frå vikingtida fungerer. I bakgrunnen ligg tømmer funne lokalt frå 1200-talet.

Anders Dalseg blir sentral i bygging av ny stavkirke i Setesdal

Sandra Birkenes seier at Dalseg kjem til å bli sentral i prosjektet med å byggje ei ny stavkyrkje på Rysstad.

Finansiering ikkje eit problem

Av dei 112 millionane som er berekna til prosjektet vil Norsk handverksinstitutt, Stiftelsen Setesdal stavkyrkje og Agder fylkeskommune måtte stå for ein stor del av finansieringa.

Sjølv om dette kan bli eit kostbart prosjekt, har optimismen i bygda aldri vore større.

Dreng Brokke utenfor Prixbutikken på Rysstad

Dreng Brokke:
Eg tykkjer det er eit stilig prosjekt, rett i nærleiken av der originalen stod. Håpar dei får finansieringa i orden.

Men 112 millionar byrjar jo å bli kostbart, så ein må vurdere om det er verd det. Det spørs om det går på bekostning av andre ting her oppe.

Helga Straume Hjelmaas

Helga Straume Hjelmaas:

Eg tykkjer dette er positivt. Det trekk folk og turistar til bygda.

– Du tykkjer ikkje det er for mykje pengar å bruke?

Nei, noko må dei jo ha å bruke pengane på. Eg tykkjer det er fornuftig.

Ordføraren i Valle er også særs positiv til prosjektet og trur ikkje bygging av stavkyrkja vil gå utover andre tilbod i kommunen.

– Driftsmidlar vil på sikt komme, men denne stavkyrkja vil trekkje til seg besøkjande og turistar både i byggjeprosjektperioden og etter. Så dette trur eg nesten vil bli sjølvfinansiert, og ein stor attraktivitet for kommunen, seier Steinar Kyrvestad (Ap).

Valle-ordfører Steinar Kyrvestad (Ap)

Ordføraren i Valle meiner dette ikkje blir ein konkurrent til andre teneste i kommunen.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Tilbake på kontoret til Sandra Birkenes. Optimismen hennar kler det elles tomme kontoret.

–Det er ikkje lenger snakk om viss - men når stavkyrkja blir bygd, seier den engasjerte prosjektleiaren.

– Kva viss finansieringa ikkje går i orden?

I verda mi, og no har eg jobba offisielt med dette i litt over ei veke, så slår ikkje desse tankane meg endå. Vi veit ikkje heilt korleis denne vegen blir, men stavkyrkje her skal det bli, seier ho sjølvsikkert.

Sandra Birkenes

Første offisielle jobbdag og ei entusiastisk Sandra Birkenes får med seg Valle-ordføraren på laget.

Foto: Mairi Macdonald / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %