– Dette var veldig viktig for oss. Vi har slite ein periode, og det er viktig å slå laga som ligg rundt oss på tabellen. Donn er eitt av dei. I tillegg til at dette var eit lokalderby er Donn ein konkurrent på tabellplass. Difor var denne sigeren veldig viktig for oss, seier Amazon Grimstad-trenar Gaute Haugenes til NRK.
Fekk hjelp av vinden
Etter ein tam 1. omgang, der laga gjekk til pause med 0-0, reiste gjestene frå Grimstad seg i andre omgang. Una Nwajei utfordra Donn-keeperen på eit utspel. Ballen trefte Amazon-spissen og med litt hjelp frå den kraftige vinden gjekk ballen rett i mål.
– Keeperen skulle til å skyte ut, og eg gjekk på ho. Heldigvis fekk eg ein fot på ballen, vinden tok tak og den gjekk inn, smiler Nwajei.
– Litt heldig?
– Det var nok litt flaks ja, men den gjekk jo inn, ler ho.
Letta Amazon-kaptein
Kvarteret før slutt tuppa Amazon-kaptein, Stine Sannæss, ballen i mål. Dermed kunne gjestene frå Grimstad sleppe jubelen laus etter 2-0 siger mot kristiansandsklubben.
– Tre poeng har vi vore på jakt etter ganske lenge. Dette var viktig både for laget og individet, seier Sannæss.
– Vi har slite i det siste og absolutt ikkje hatt marginane på vår side. Vi har venta på snuoperasjonen og det var ekstra godt at den kom mot Donn, seier ho.
Dermed må nyopprykka Donn framleis finne seg i å vere lillesøster på Sørlandet.
– Tilfeldigheiter
– I dag føler eg det kun er tilfeldigheiter, som gjer at vi tapar. Dei får to flaksemål som kjem ut av ingenting. Totalt på sjansestatistikken er det vel relativt jamt. Men vi må score på våre sjansar, viss ikkje tapar vi kampar på dette nivået, seier Donn-trenar Nils Christiansen.
- I dag føler eg det kun er tilfeldigheiter Dei får to flaksemål som kjem ut av ingenting. Totalt på sjansestatistikken er det vel relativt jamnt. Men vi må score på våre to hundreprosentsjansar. Viss ikkje tapar vi fotballkampar på dette nivået, seier Donn-trenaren.
Donn-kaptein Gro Ingvardsen var særs skuffa over å tape mot rivalen frå aust.
Skuffa Donn-spelarar
– Vi er ekstremt skuffa. Når dei får det billige førstemålet som dei gjer, dett vi saman. Det er kjipt, seier ho.
Men kapteinen nektar å grave seg ned etter tapte mot storesøster.
– Vi kan slå både Amazon og dei andre laga. Det viste vi tydeleg når vi slo Lillestrøm sist. Vi må få feelingen og score mål. Det er kjekt å vinne nabo-oppgjer, men dette var ikkje noko avgjerande kamp for oss. Eg trur nok det var viktigare for dei å vinne. Hadde dei tapt hadde det vore panikk i Amazon, seier ho.