Hopp til innhold

Alt du må vite om DAB-overgangen

Onsdag 21. juni sluttar NRK å sende radio på FM-nettet i Agder. Frå denne datoen er det DAB som gjeld.

DAB Norge radio.no

Kommunikasjonssjef Tommy Gaustad (t.v.) og forhandlarkonsulent Daniel Dahl i Digitalradio Norge er på Sørlandet for å fortelje om DAB.

Digitalradio Norge er no på turné i Agder for å svare på spørsmål og hjelpe folk med installering av DAB i til dømes bilen.

Dei to utsende har allereie køyrt 40 000 kilometer over heile landet for å spreie informasjon om overgangen til DAB.

Tommy Gaustad i Digitalradio Norge

Tommy Gaustad er kommunikasjonssjef i Digitalradio Norge.

Foto: Digitalradio Norge

Vi møtte dei to på Tangvall i Søgne, der vi fekk svar på ei rekkje spørsmål før overgangen til DAB onsdag.

Kvifor DAB?

– Ein skal få meir radioinnhald. Radio må utvikle seg slik som alle andre mediekanalar utviklar seg, og får betre tilbod. Vi går frå 3,4,5 riksdekkande radiokanalar på FM til 30 på DAB. Det er dette det handlar om. Heile landet skal få eit godt radiotilbod, seier kommunikasjonssjef Tommy Gaustad.

– I eit land som Norge som er så stort og vi bur så spreidd, så er det ikkje mogleg å halde oppe to parallelle nett samstundes, seier han.

– Kvifor ikkje heller bygge ut mobilnettet og sende radio der?

– Per dags dato klarer vi ikkje å gjere det same til heile landet. Det er lett for oss som bur i større byar. Men når du skal kringkaste radio til eit heilt land, til eit heilt folk, er det ikkje eit alternativ no. Det er mogleg det blir det om 10,15 eller 20 år. Kven veit. Men radioen trengde denne utviklinga no, seier Gaustad, som også vil ta livet av ei myte.

– Mange trur Norge er det einaste landet som satsar på DAB. Då vi var på Lindesnes fyr, fekk vi inn eit tjuetals danske DAB-kanalar. Det er fordi også danskane har bygd ut DAB og har varsla at dei vil gjere ein full overgang som i Norge, seier kommunikasjonssjefen i Digitalradio Norge.

– Det er det same i resten av Europa. Tyskland, Frankrike, Italia og Sveits. DAB har nokre mytar ved seg. Då er det viktig det vi gjer no, å reise rundt og møte folk og svare på spørsmål, og forklare fakta bak dei mange mytane, seier han.

DAB Nrk Sørlandet

Frå 21. juni kan du ikkje lenger lytte til NRK på FM-nettet.

DAB i bil

Mange bilar har ikkje DAB-radio. Då må du anten byte ut det innebygde radioapparatet. Eller du kan sette inn eit adapter.

– Det er det enklaste og rimelegaste. Adapteret er eigentleg ein DAB-radio som tek imot DAB-signalet. Så sender ein det til den gamle FM-radioen. Ein kan også bruke AUX eller USB-inngangen om ein har det, seier han.

– Det aller viktigaste er å installere adapteret korrekt, og ein ting er heilt avgjerande. Dersom antenna har ein slik aluminiumsfolie må den klistrast på metallet i bilen, seier han.

Opplever du at du ikkje har DAB-dekning etter installering, kan feilen rett og slett ligge i feil montering.

– Adapter frå 1000 kroner og oppover er dei beste. Det finst stader i landet, som med FM, der du ikkje har DAB-dekning. Men dekninga er veldig god. Eg anbefaler alle om å sjekke dekningskartet på radio.no, dersom ein mistenker om det er noko gale og sjå om ein skal ha dekning eller ikkje, seier Gaustad.

DAB i heimen

Har du ein gammal radio utan DAB heime treng du nødvendigvis ikkje å kassere denne. For det finst moglegheiter.

– Ein får kjøpt adapter på same måte som i bil. Det har ein lydutgang du koplar til lydinngangen på den eksisterande FM-radioen eller stereoanlegget ditt. Du må altså berre sjekke om du har inngang for ei ekstern lydkjelde. Det har dei fleste større radioar og stereoanlegg, seier han.

Dersom du bur i det Gaustad kallar eit «grenseområde», altså at du ligg i utkanten av eit dekningsområde, og slit med å få dekning i stova eller på kjøkkenet, kan det likevel vere håp om å få DAB i hus.

– Tipset er å ta med ein vanleg DAB-radio ut på tunet. Hald den litt høgt og trekk opp antenna. Det er viktig. Får du inn DAB-signal då, kan det vere ei løysing for mange å montere ei utvendig antenne, seier han.

FM-dekning vs. DAB-dekning

Så er spørsmålet: korleis er DAB-dekninga samanlikna med FM-dekninga per dags dato?

– Det er som med FM. Det er nokre stader det ikkje er DAB-dekning, men dekninga er veldig god, seier han.

– Det er meir enn godt nok for å sløkke FM-nettet. Så må vi hugse på at FM har blitt utvikla gjennom mange tiår. Det blir DAB også. Tunnelar som har hatt FM skal ha DAB. Statens vegvesen jobbar med det, men det er nokre stader det ikkje er gjort endå, seier han.

– I tillegg bygger NRK sjølv ut nettet vidare. Det er fleire sendarar som vert montert i Agder-fylka no, for å gjere dekninga endå betre fram mot sløkkinga, seier han før han kjem med ei oppfordring til dei som ikkje har DAB-radio i boks.

– Det er ikkje vits å vente til onsdag. Erfaringa vår frå andre regionar viser at då blir det kø og ofte tomt i butikkane. Dersom du ikkje vil ha stille radio i nokre dagar etterpå, er det berre å få det gjort, seier han.

Vegarbeidere setter opp radioskilt

Det er framleis ikkje alle tunnelar som har fått DAB-dekning.

Foto: NRK

Her er sløkkeplanen for FM

I Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Telemark, Buskerud, Hedmark og Opland er FM-signalet allereie sløkt.

I tillegg til i Agder-fylka vert FM-signalet sløkt i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane 21. juni. 15. september følgjer kommersielle kanalar etter. Det gjeld P4, Radio Norge, P5 Stavanger, NRJ Stavanger, Radio Sandnes, P5 Bergen og NRJ Bergen.

20. september er det Østfold, Vestfold, Oslo og Akershus sin tur. 13. desember er det i Troms og Finnmark FM-signalet vert sløkt for NRK-kanalane. I løpet av 2018 er det altså ikkje mogleg å høyre NRK-kanalar på FM-nettet nokon stad i landet.

Mange lokalradioar held fram på FM også etter 2017, men ikkje alle. Medietilsynet har oversikt over kva lokalradiokanalar som ikkje får forlenga sin konsesjon på FM etter sløkkinga.

På Sørlandet får mellom anna desse lov til å sende på FM også neste år: Bykle Radio, NRJ Kristiansand, Gimlekollen Radio og Radio Sør.

Har du spørsmål eller treng hjelp til DAB-overgangen? Då kan du få hjelp her.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %