Hopp til innhold

– Vår beste angrepskamp nokosinne

Vipers Kristiansand-trenar Gunnar Pettersen var særs nøgd med angrepsspelet etter sigeren mot Skrim Kongsberg.

Gunnar Pettersen Vipers mot Fredrikstad

Gunnar Pettersen var strålande nøgd med angrepsspelet mot Skrim Kongsberg.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Eg trur faktisk det er vår klart beste angrepskamp nokosinne. Vi scorar 31 mål, men har i tillegg ein haug med sjansar aleine med keeper, men vi bommar dessverre, seier Pettersen til NRK.

– Men så mange sjansar har vi aldri produsert, så meir enn det kan vi eigentleg ikkje gjere. Eg er supernøgd med angrepsspelet, seier han.

Har hatt fokus på forsvaret

Vipers vann kampen 31–25 på bortebane etter å ha leia 17–14 til pause. Men det gode angrepsspelet kom litt overraskande på trenaren.

Lynn Knippenborg, Vipers Kristiansand

Lynn Knippenborg vart Vipers sin toppscorar i kampen med åtte mål.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Vi har hatt ekstra fokus på forsvarsspelet, ler Pettersen.

– Det var det som var minuset i første omgang. Det var forferdeleg defensivt og vi sleppte til storskyttaren deira fleire gonger, seier trenaren.

I andre omgang sette Pettersen inn mellom andre Tonje Refsnes som levert ein kjempekamp.

– Vi gjer nokre byter og Tonje er blant spelarane som løyser oppgåvene sine veldig bra. Forsvarsmessig var det ein bra andre omgang, men den første omgangen må vi aldri gjenta, seier han.

Ligg på fjerdeplass

I neste kamp er Larvik motstandar på bortebane i cupen. Samstundes er det nesten tre veker til neste seriekamp. Då kjem Byåsen på besøk i Aquarama.

Vipers står berre med to tap så langt denne sesongen. Tapa kom mot medaljefavorittane Glassverket og Larvik. Men det er berre Larvik som har scora fleire mål enn Vipers til no.

Larvik står med 235 mål på dei sju første seriekampane. Vipers har putta 212 mål så langt.

– Det seier at vi har hatt ei fin utvikling gjennom sommaren og så langt i haust, seier Pettersen.

Lagets toppscorar Ulrika Olsson spelte nesten ikkje mot Skrim Kongsberg. Olsson har slite med ein skade den siste tida.

Vipers ligg på 4.-plass på tabellen berre to poeng bak serieleiar Glassverket.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %