Hopp til innhold

– Sauer kan ligge hardt skadde i dagevis

Kvar sommar ligg hardt skadde sauer i vegkanten fordi bilistar ikkje seier ifrå om påkøyrsler. – Vi kunne ha spart dyra for lidinga, seier bonde.

Påkjørt sau i Setesdal

Denne sauen vart påkøyrd mellom Brokke og Suleskard 19. juli.

Foto: Privat

– Vi finn hardt skadde dyr. Dei kan ligge skadde i fleire dagar før vi finn dei, om vi finn dei. Det er ikkje noko godt syn. Det er særs få som seier ifrå om påkøyrsler, seier leiar i Valle Sau og Geit, Jorunn Synnøve Upstad til NRK.

I Setesdal har bønder sett seg nøydde til å «patruljere» strekninga Brokke–Suleskard kvar einaste morgon, for å jage sauer vekk frå vegen.

Over 20 000 sauer beitar i fjellområda kring den populære turistvegen kvar sommar.

– Finst ikkje gode grunnar til å stikke av

Årleg vert mellom 15 og 20 sauer påkøyrde på strekninga, ifølgje Valle Sau og Geit.

På dei verste åra er de registrert opp mot 30 daude sauer etter kollisjon med køyretøy.

Ofte gir ikkje bilføraren beskjed til verken bonden eller politiet om påkøyrselen.

– Hadde folk gitt beskjed kunne vi ha spart dyret for lidinga, seier ho.

– Det kan vere at dei er redde for å måtte erstatte. Det er ikkje godt å vite. Men det finst ikkje gode grunnar til å stikke av, seier Upstad.

Brokke-Suleskard

Brokke - Suleskard er ein mykje brukt turistveg om sommaren.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Trur folk har misforstått

Politiet meiner problemet er så stort at dei publiserte ei lang melding på Facebook torsdag. Der informerer dei om kva du skal gjere om du køyrer på eit dyr (sjå faktaboks).

Dag Hovden

Dag Hovden er lensmann i Valle og Bykle.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Lensmann Dag Hovden i Valle og Bykle trur mange er redde for konsekvensane dersom ein køyrer på ein sau.

– Vi trur det er ei misforståing når det gjeld konsekvensar ved å melde ifrå. Mange trur kanskje dei vert økonomisk skadelidande ved å melde ifrå. Det er slett ikkje tilfelle, seier han.

Lensmannen viser til at mange forsikringsselskap ikkje opererer med bonustap i samband med dyrepåkøyrsler. Du kan og sleppe å betale eigendel på skader på bilen.

– Det kan tvert imot lønne seg å melde ifrå, seier han.

Sauer lir i dagevis

Ifølgje Upstad er det mange skadde dyr som kjem seg vekk frå vegen og gøymer seg. Då kan dei vere vanskeleg å finne. Dermed blir dei liggande og lir ein smertefull død.

Det finst ikkje tal på kor mange sauer som vert påkøyrde på landsbasis i løpet av sommaren.

– Om det er fleire eller færre enn det har vore er difor vanskeleg å seie, seier seniorrådgjevar i Norsk Sau og Geit, Arne Flatebø.

I tillegg til Brokke–Suleskardvegen nemner han Hardangervidda som eit utsett område med mange påkøyrsler.

– Det er viktig å gje beskjed slik at dyra kan få behandling eller bli avliva, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %