Hopp til innhold

– Kan ta tid å få Moland si båre heim

Avdøde Tjostolv Moland skal obduserast i løpet av dei kommande dagane. Truleg vil det ta tid før båra til Moland er i Norge.

Tjostolv Moland og Joshua French

Tjostolv Moland (t.v.) skal obduserast, truleg dei kommande dagane.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Obduksjonen kan forhåpentlegvis gjennomførast så raskt som råd med Kripos til stades. Dei er på veg til Kongo og kjem truleg i løpet av dagen, seier NRKs reporter i Kongo, Hallvard Sandberg.

Etter obduksjonen skal det skrivast ein rapport som må godkjennast av kongolesiske styresmakter.

– Etter det kan arbeidet med å få båra heim til Norge starte. Det kan ta tid før båra kjem til Norge, seier Sandberg.

Mistenker French

Avdøde ligg no på eit sjukehus i Kinshasa i påvente av obduksjon.

Sandberg besøkte Joshua French i fengselet tysdag. Same dag kom det fram at kongolesiske styresmakter ser på French som mogleg mistenkt etter at Moland vart funnen død på cella søndag.

– French seier at han tok det for gitt at nokon ville anklage han for Moland sin død. Situasjonen var slik at han trudde det var opplagt at det kom til å skje. Men han seier at han absolutt ikkje har noko med det å gjere, seier han.

Foreldra til Moland reagerte sterkt då det vart kjent at kongolesiske styresmakter knyter sonen sin ven til dødsfallet.

– Eg reagerer med raseri. Her har dei berre å få både Tjostolv og Joshua heim. No har dei gjort nok mot dei to og familiane. Påstandane er hinsides. Det er ikkje ord som dekkjer det som dei no påstår, sa Mathilde Moland til NRK.no tysdag.

Knut Moland er glad for at Kripos skal vere med på obduksjonen. Kripos sender både taktiske etterforskarar og rettsmedisinarar til Kongo.

– Når Kripos kjem ned vil dei heilt utelukke at det dreier seg om eit mord. Kongolesarane har inga moglegheit til å gå imot flinke folk frå Kripos, sa Moland.

Hallvard Sandberg

NRK-reporter Hallvard Sandberg er i Kongo.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Stort trykk på kongolesiske styresmakter

UD har hatt ein representant i Kinshasa i to år. I går kom ein ny norsk representant ned, i tillegg kjem det endå ein i dag. Sandberg omtalar denne som ein erfaren diplomat. Også representantar frå britisk utanriksdepartement og EU er til stades i Kongo.

– Samstundes er det mykje kontakt frå Oslo med den politiske leiinga i Kongo. Det er mykje trykk frå Norge, og det er stort utanlandsk trykk på kongolesiske styresmakter, seier Sandberg.

Sandberg fekk eit godt inntrykk av fengselsforholda då han besøkte Joshua French tysdag.

– Det verkar veldig godt organisert. Det er reint og ryddig, i alle fall i fellesområda. Men vi får ikkje sleppe inn i cellene, så vi får ikkje sjå korleis det ser ut der, seier han.

– Men det er vakter over alt og det ser ut til at fangane får nok mat. Det er mykje smil og latter og ei relativt avslappa stemning, seier han.

Tysdag kveld vart det klart at mor til Joshua French, Kari Hilde French, reiser til Kongo. Ho reiser saman med advokat Hans Marius Graasvold. Det er også klart at sjømannsprest Knut Lyngseth reiser til Kongo torsdag.

Per Zimmer, politiadvokat i Kripos, sier at de anser dødsfallet til Tjostolv Moland i Kongo som mistenkelig. De har samtidig ingen mistenkte i saken. Fire personer fra Kripos vil reise til Kongo i løpet av 24 timer.
– Vi er glade for å kunne bidra med å bringe klarhet rundt dødsfallet, sier Zimmer til NRK.

Per Zimmer, politiadvokat i Kripos, sier at de anser dødsfallet til Tjostolv Moland i Kongo som mistenkelig. De har samtidig ingen mistenkte i saken. Fire personer fra Kripos vil reise til Kongo i løpet av 24 timer. – Vi er glade for å kunne bidra med å bringe klarhet rundt dødsfallet, sier Zimmer til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %