Hopp til innhold

– For folk som lever i ein storby er ikkje dette kvardagskost

Bilete av ein sebra utan hovud i tigerhuset i Dyreparken skapte «storm» i sosiale medier. Men Dyreparken har ingen planar om endre praksis.

Bildet av en hodeløs sebra i tigerburet i Dyreparken har skapt storm på sosiale medier. Men Dyreparken har ingen planer om å endre praksis.

Sjå reportasje: Dyreparken endrar ikkje praksis etter reaksjonar på dette bilete i sosiale medier.

– For folk som lever i ein storby så er ikkje dette kvardagskost. Men ein skal ikkje så langt ut på landet før ungane er vane med å vere med å slakte både grisar, elgar og det dei har. Så det er berre det at det er litt framand.

Det seier medarbeidar i Dyreparken, Hans Petter Westnes, og legg til:

– Sebraen var ikkje halshogd, men vi har teke av han hovudet.

– Naturleg

Det var førre veke NRK fortalde historia om ein barnefamilie som vart møtt av eit noko makabert syn under ein tur i Dyreparken i Kristiansand.

Biletet av den haudelause sebraen førte til ein heftig debatt i sosiale medier.

Dyreparken ser derimot ikkje noko poeng i å gøyme det bort, og held fram med den omdiskuterte praksisen.

Leiar for dyreavdelingen i Dyreparken, Rolf-Arne Ølberg, seier det er heilt normalt.

– Sebra er det mest naturlege ei løve kan ete. Det er vanlegvis hest dei får, men om det er ein hest eller ein sebra er for oss korleis naturen fungerer. Rovdyra et byttedyr, og det ønskjer vi å fortelje til gjestane.

Barnepsykolog kritisk

Barnepsykolog Magne Raundalen sa til NRK førre veke at han meiner praksisen er grotesk og forkasteleg.

– Det er naturleg at dyr et dyr, men det er ikkje naturleg at vaksne folk hogg hovudet av ein sebra og legg den til utstilling framfor intetanande små born. Det bør ikkje skje. Det er ikkje naturleg, og det må det heller aldri bli.

Kristin Stendahl Sørensen var på trilletur i dyreparken torsdag. Ho har delte meiningar når det kjem til fôringsmåten til dyreparken.

– Det er jo naturens gang, men det er trass alt ein familiepark. Så eg tenkjer at noko skjerming burde det vere. Personleg tykkjer eg det er heilt greitt, men eg forstår at folk reagerer. Det er jo foreldra som får ein kamp å diskutere.

Ragnhild Raanaa var også på tur i dyreparken torsdag, og ho meiner praksisen til dyreparken er innanfor.

– Det må ein nesten forvente når ein går i ein dyrepark, at ein ser litt natur.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %