Hopp til innhold

– Eitt års ekteskap er ikkje nok

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vil ikkje at utanlandske kvinner skal få varig opphald i Norge etter berre eitt års ekteskap med ein norsk mann.

Kjell Ingolf Ropstad

KrF-politikar Kjell Ingolf Ropstad vil ikkje gi utanlandske kvinner opphald i Norge etter berre eitt års ekteskap.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– KrF ynskjer ikkje at ein skal kunne få opphald etter eitt år. Vi har vore opptekne av å styrkje situasjonen for kvinner som er utsett for vald, seier Ropstad til NRK.

Stortingspolitikaren kjem med utspelet etter at leiinga ved Vest-Agder Krisesenter har bede politikarane om å korte ned butidsregelen i staden for å auke den.

– Lever i frykt

tove

Leiar ved Vest-Agder Krisesenter, Tove Hægg Versland.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Krisesenteret viser til at mange kvinner lever i valdslege forhold med frykt for å bli kasta ut av landet.

Ifølgje leiar ved Krisesenteret i Vest-Agder, Tove Hægg Versland, blir mange av kvinnene mishandla både fysisk og psykisk, og lever med redsle for å bli bytt ut.

Ho fortel også at nokre menn er gjengangarar.

– Det verste tilfellet vi har hatt er ein mann som har bytt ut kona fire gonger, og alle hamna her på Krisesenteret. Det ligg ein trugsel i at dersom dei ikkje oppfører seg slik mannen ynskjer, så kan dei bli sendt ut av landet. Det er ei stor uvisse hos desse damene, seier ho.

Kan få opphald før tre år

Men stortingspolitikar Kjell Ingolf Ropstad vil heller styrkje situasjonen til valdsutsette kvinner, enn å la kvinnene få varig opphald etter eitt års ekteskap.

– I dag er det slik at reglane seier at dersom ein blir utsett for vald kan ein få opphald før det er gått tre år, seier KrF-politikaren.

– Difor vil vi heller styrkje situasjonen for kvinnene enn å minske krava til tilknyting til Norge før du skal få opphald, seier Ropstad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %