Hopp til innhold

Muradi: – Det einaste eg kan gjere er å håpe

Den afghanske kamptolken Faizullah Muradi (22) er glad for at statsminister Erna Solberg ber om ei ny vurdering av om han skal få behandla asylsøknaden sin i Norge.

Faizullah Muradi

Faizullah Muradi på eit rom på flyplassen i Roma tysdag. No er han glad for at statsministeren har bede om at ei ny vurdering på om han får behandla asylsøknaden sin i Norge.

Foto: Privat

– Eg er veldig glad. Men eg veit at det ikkje er nokon garanti for at eg får komme tilbake til Norge, seier Muradi til NRK.

Erna Solberg intervjues i vandrehallen

Statsminister Erna Solberg ber om ei ny vurdering av om Muradi skal få behandla søknaden sin i Norge.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Faizullah Muradi

Faizullah Muradi på toget frå Roma til Lecce tidlegare onsdag.

Foto: Privat
Faizullah Muradi

Muradi utanfor flyplassen i Roma.

Foto: Privat
– I det minste håpar eg at dei ser på saka mi og eg håpar det vil ende med eit godt resultat. Det einaste eg kan gjere er å håpe. Eg er veldig glad for no har vi ei moglegheit, seier han.

Ba om ny vurdering

Onsdag ettermiddag kom statsminister Erna Solberg om meldinga han hadde håpa på.

Statsministeren vil altså be om ei ny vurdering på om Muradi skal få behandla asylsøknaden sin i Norge.

Solberg vil be justisministeren gå gjennom praksis kring bruk av Dublin-ordninga ved behandling av asylsøknader frå personar som tidlegare har hatt eit tilsettingsforhold til norske styrkjer i Afghanistan.

Muradi vart henta av politiet i Mandal natt til tysdag og send til Italia.

Natt til onsdag gjekk han gatelangs og svolten utanfor flyplassen i Roma.

– Eg har verken pengar eller tak over hovudet. Det har vore ei kald natt, sa han til NRK tidlegare onsdag.

Onsdag kveld er han i den italienske byen Lecce der han skal søkje asyl torsdag.

Takkar for støtta frå det norske folk

Han har også fått med seg at han har massiv støtte frå det norske folk.

– Eg venta ikkje ei så omfattande støtte frå det norske folk. Det einaste eg kan gjere er å seie takk for all støtta, seier han.

Han fortel til NRK.no at han får sove hos ein ven av ein ven denne natta.

– Det er berre for i natt, så eg håpar styresmaktene her gir meg ein stad å vere i morgon, seier han.

Muradi vedgår at han har det tøft.

– Eg er emosjonelt veldig langt nede. Eg har berre lyst til å gråte. Men eg er sjølvsagt glad for at dei vil ta ei ny vurdering, seier han.

Kjempa for Norge

22-åringen måtte flykte frå Afghanistan etter å ha vore kamptolk for norske styrkjer etter frykt for represalier frå Taliban.

Muradi flykta til Italia før han seinare kom til Norge. Norske styresmakter har argumentert med at det er Italia som skal behandle asylsøknaden hans fordi det var der han kom først.

Afghanske Faizullah Muradi, som har vært kamptolk for norske styrker i hjemlandet, ble i natt hentet av politiet.

Sjå video frå då politiet arresterte Faizullah Muradi i Mandal natt til tysdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %