Hopp til innhold

– Drepne av 60 knivstikk

Guten og kvinna som vart drepne i Kristiansand i desember skal ha blitt utsett for til saman 60 knivstikk, skriv Fædrelandsvennen.

Tone Ilebekk og Jakob Abdullahi Hassan

Tone Ilebekk og Jakob Abdullahi Hassan vart drepne i Kristiansand i desember i fjor.

Foto: Privat

Ifølgje avisa skal 15 år gamle Jakob Abdullahi Hassan ha blitt knivstukke 28 gonger over heile kroppen.

Tone Ilebekk (48) skal ha komme til for å hjelpe 15-åringen, og sjølv blitt utsett for 32 knivstikk. Begge dei to døydde på sjukehus.

Svein Kjetil Stallemo

Svein Kjetil Stallemo er den sikta 15-åringen sin advokat.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Den sikta 15-åringen har vore gjennom ei rekkje avhøyr. Han sit fengsla i Bergen, og vart nyleg varetektsfengsla i to nye veker.

Forsvararen til guten, Svein Kjetil Stallemo, seier at 15-åringen ikkje hadde planlagt å ta livet av dei to.

– Eg kan ikkje sjå at sikta har forklart, heller ikkje indikert, at handlinga var planlagt. Det trur eg domstolen heller ikkje vil legge til grunn, seier han til Fædrelandsvennen.

Den sikta 15-åringen skal gjennom ein full judisiell observasjon. Der skal det avgjerast om han var tilrekneleg då han knivstakk dei to.

Guten tilstod dobbeltdrapet kort tid etter at han vart pågripen.

Tente lys og politisperringer utenfor Wilds Minne skole.

Dobbeltdrapet skjedde på Wilds Minne skole.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %