– Når vi leiar med åtte mål har vi avtalt at vi skal gå for ti. Vi skal ikkje sleppe inn nokon mål. Det gjer vi mot Stord og det er skuffande. Dei siste fem minutta tapar vi 0-3. Det er slike ting vi må ha vekk. Mot betre lag vert vi straffa hardt, seier Kurtovic til NRK.
Arendalittane gjekk til pause i leiinga 16-10 mot Stord, og såg ut til å ha full kontroll.
Men midtvegs i andre omgang var Stord berre tre mål bak.
– Skal vi blande oss inn i toppen igjen må vi ha tempo i spelet vårt. Vi kan ikkje gå og spele handball. Det er ikkje vår handball, seier Kurtovic.
ØIF vann til slutt kampen 32-27.
Vart toppscorar i debuten
Robert Markotic som vart henta før sesongen vart toppscorar i kampen saman med Eirik Köpp. Duoen putta sju mål kvar. Men trass i ein god debut meiner trenaren at Markotic har mykje å gå på.
– Det var godkjent. Det var sikkert litt nervar og han ville vise seg fram. Men han må lære seg å sleppe ballen tidlegare slik at vi får tempo i spelet. Alle lag kjem til å vere obs på han og då er det fort at han stoppar opp spelet, seier Kurtovic.
Markotic var brukbart nøgd med debuten og meiner han treng to månader før han er i toppform.
25-åringen er på veg tilbake etter eit langt skadeavbrekk. Kroaten merka at kondisjonen ikkje er der den bør vere.
– Eg har aldri spelt 60 minutt i løpet av karriera mi. Det er litt mykje akkurat no, men eg skal trene godt framover og bli betre, seier han.
Det var berre litt over 1000 tilskodarar i hallen mot Stord. Men Markotic let seg likevel imponere av stemninga.
– Det var utruleg bra. Eg er veldig glad for at eg er her i Arendal. Støtta frå supportarane er viktig for laget. Så skal vi vise at vi er eit godt lag, seier han.
Nervøs i comebacket
Veteranen Lars Erik Bjørnsen gjorde comeback på toppnivå mot Stord. Den tidlegare landslagsspelaren la opp for eitt og eit halvt år sidan.
– Det var veldig stas. Eg var litt smånervøs eigentleg og tenkte korleis skal dette gå. Men det var utruleg artig og eg er litt stolt over at eg klarte to omgongar, seier han.
– Det følest ikkje som om eg har vore borte frå dette sirkuset i eitt og eit halvt år. Det er utruleg artig å vere tilbake. Eg er her for å vinne noko. Dette er min billett og denne skal eg ta godt vare på, seier han.