Hopp til innhold

Markotic (25) leverte varene frå første sekund

Kroatiske Robert Markotic viste seg fram allereie i første serierunde for ØIF Arendal. Arendalittane vann serieopninga mot Stord 32-27.

Robert Markotic, ØIF Arendal

Robert Markotic brøytar seg gjennom Stord-forsvaret i serieopninga.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg føler det gjekk bra. Eg har framleis litt å gå på til toppforma, men det var ein bra kamp, seier Markotic til NRK.

I fjor haust pådrog 25-åringen seg ei alvorleg skulderskade då han spelte i den franske toppserien. No har han lagt bak seg ni månader med opptrening.

Marinko Kurtovic

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Trenar Marinko Kurtovic meiner at backen framleis treng tid før han når toppnivået sitt. Men i serieopninga mot Stord viste Markotic klasse.

– Eg vart litt sliten mot slutten. Eg er ikkje vand med å spele 60 minutt, seier Markotic.

Til pause hadde han notert seg for fem scoringar og var toppscorar. Arendalittane leia 16-10 til pause.

ØIF-trener om kampen

Sjå intervju med ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

– Ein veldig god spelar

Før sesongen samla ØIF-supportarane inn pengar til å hente Markotic.

– Det er utruleg artig å sjå at han lukkast. Vi ser at han er ein veldig god spelar, seier leiar i supportarklubben Svermen, Jørn Holmestrand til NRK.

ØIF såg ut til å cruise inn til siger då dei leia med åtte mål kort tid ut i andre omgang.

Men gjestene frå Vestlandet gav ØIF kamp om poenga og var berre tre mål bak ti minutt før slutt.

Men den regjerande cup- og seriemeisteren viste til slutt kvifor dei var Norges desidert beste lag førre sesong. Dei siste ti minutta var arendalittane best og vann til slutt 32-27.

Eirik Heia Pedersen, ØIF Arendal

Kaptein Eirik Heia Pedersen spelte ein god kamp i seriepremieren, men vart vist på tribuna i andre omgang etter ein duell.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Delte toppscorartittelen

Markotic vart kampens toppscorar med sju mål saman med Eirik Köpp.

– Vi spelar ein ok kamp der eg føler vi har kontroll. Men det er irriterande at vi slepp dei inn i kampen. Det er mykje å rette på, seier trenar Marinko Kurtovic om seieropninga.

Trenaren er einig i at Markotic spelte ein bra kamp.

– Han vise gode kvalitetar og skotet hans er av internasjonal klasse, men vi må gje han litt tid før han er hundre prosent, seier Kurtovic.

– Eirik Köpp kjem til å få ein kjempesesong. Også han gjorde ein god kamp, seier ØIF-trenaren.

Kaptein Eirik Heia Pedersen fekk raudt kort etter ein duell i andre omgang og vart vist rett på tribuna til protestar blant både medspelarar og heimepublikum.

Nøkkelspelarar ute

I forsvar sleit sørlendingane i starten av første omgang. Men med nokre små justeringar vart det enklare for keeper Svenn Erik Medhus å hindre Stord i å score mål.

Lars Erik Bjørnsen, ØIF Arendal

Lars Erik Bjørnsen debuterte for ØIF Arendal i serieopninga mot Stord.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

ØIF stilte utan både Sondre Paulsen og Kenny Ekman i serieopninga. Begge er ute med skader. Ekman var med i kamptroppen, men fekk ikkje speletid. Han er truleg tilbake i spel i løpet av kort tid.

Paulsen sleit brystmuskelen under ei styrketrening i sommar. Han er truleg ikkje tilbake før i november.

Før seriestart henta klubben inn tidlegare landslagsspelar Lars Erik Bjørnsen for å erstatte Paulsen. Bjørnsen viste at han kan bli ein viktig spelar for ØIF i jakta på nye titlar.

ØIF-spillere om kampen mot Stord.

Sjå intervju med Lars Erik Bjørnsen og Robert Markotic.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %