Hopp til innhold

Regjeringa vil at fleire skal gjere som Edvard

Eitt år på overtid har regjeringa lagt fram ein ny dataspelstrategi. Målet er meir mangfald.

Edvard sit ved datamaskina med øyreklokker på, og ser opp mot medspelaren hans utføre biletet.

DATASPEL: Edvard Johannes Bjordal Godø (10) blei med i klubben Sunnfjord Sport og Gaming for å møte folk. Og for å spele, sjølvsagt.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Internasjonale stjerner, millionbeløp, og neglebitande tilskodarar.

E-sporten har vorte stor.

Og under stjernehimmelen finst eit organisert grasrot-tilbod som er dyrka fram av frivillige.

Dette vil staten byggje vidare, varsla regjeringa sist veke.

Då la kulturminister Lubna Jaffery (Ap) fram ein ny dataspelstrategi, eitt år på overtid.

– Det frivillige bidreg med stadig nye initiativ for dataspelkulturen. Derfor må politikken også bli meir offensiv, sa statsråden ved framlegginga.

Åpning av høstutstillingen, Kulturminister Lubna Boby Jaffery

– Strategien bidreg til ei betre organisering av dataspel som fritidsaktivitet og e-sport, som gir alle spelarar dei trygge, inspirerande og inkluderande arenaene dei fortener, seier kulturminister Lubna Jaffery.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

E-sport-trenaren

– Eg er eigentleg ikkje så god på spel.

Det seier Daniel Lira Figueiredo, omringa av eit titals pc-ar og ein svær TV-skjerm som viser høgdepunkta frå ein nyleg avblåst FIFA-kamp.

For eitt års tid sida hadde han lite kjennskap til spelverda.

No har prosjektkoordinatoren i ungdomsorganisasjonen KFUK-KFUM blitt e-sport-trenar.

Kvar veke tar han imot rundt femti born og unge på fritidstilbodet Sunnfjord Sport og Gaming.

Vegen inn til spelverda gjekk gjennom engasjementet for born og unge. Han såg behovet for at dei kunne møtast fysisk for å spele i lag.

– Dataspel er kome for å bli. På internett kan ein møte mykje stygt, og me som borne- og ungdomsorganisasjon har eit ansvar. Her kan ungdommen møtast med trygge vaksne til stades.

Ein gut er midt i svevet etter han kasta seg bak i sofaen då videospelet blei ekstra spanande. Til venstre sit Daniel Lira Figuereiro og ler.

Daniel Lira Figueiredo ville gje born og unge ein fysisk møtestad for digitale aktivitetar med trygge rammer.

Ein gut ligg i sofaen med armane over hovudet etter han fekk stang ut på fotballspelet. I ein stol til venstre sit Daniel Lira FIguererio og ler.

Fire dagar i veka kan born og unge frå femte til tiande klasse kome her for ein ettermiddag med fysisk aktivitet og speling.

Ein gut legg seg oppgitt på sida etter å ha fått stang ut på fotballspelet. I ein stol til vesntre sit Daniel Lira Figuererio og ler.

Sjølv om det kan vere frustrerande når spelet ikkje går vegen, er deltakarane gode med kvarandre, seier Figueiredo.

Frå tjuefem til hundre på to år

I september reiste Figueiredo til Oslo for å ta grunnkurs som e-sport-trenar i regi av den frivillige organisasjonen E-sport Alliansen.

Dei jobbar for meir aktivitet på breidde-nivå i e-sport, og merker godt at breidde-tilbodet er i vekst.

– Det har vore ei eksplosiv utvikling, mildt sagt, seier prosjektleiar André Baumann.

– Då eg begynte her hausten 2021, hadde me rundt tjuefem medlemsklubbar. No er me over hundre.

Han trur den nye strategien frå regjeringa kan styrke breidde-tilboda.

– Det gjev i større grad ein allmenn aksept å få dette frå offentleg hald. Det er essensielt å kunne vise til at dette er forankra politisk når me søkjer om støtte, til dømes.

No håpar han regjeringa leverer på det dei foreslår i den nye strategien.

– Spesielt der dei skriv om «å prioritere satsing på å utvikle trygge møteplassar for e-sport breiddetiltak for born og unge». Eg er spent på å sjå kva dei konkret legg i det.

Nathaniel ser på data-skjermen med øyreklokker på. Han har ein spel-kontroll i hendene.

På hovudtelefonane har Nataniel Skildheim-Dawoud (11) kontakt med lagkameratane. Der snakkar dei om spelet. Og litt om andre ting, av og til.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

E-sport på alle nivå

Figueiredo har mykje erfaring med å drive fritidstilbod. Men e-sportssatsinga baud på nye utfordringar.

– Eg er god på å skape og drive prosjekt, men alt dette var nytt. Eg kan seie at eg fekk litt panikk i starten.

På trenarkurset i Oslo fekk han både lære om å drive e-sport-klubb og sjå potensialet for slike tilbod.

– Eg møtte klubbar med 100–150 medlemmer som har fine tilbod for alle nivå. Frå dei som berre vil ha det moro og vere sosiale til meir profesjonell satsing.

No håpar han tilbodet i Førde kan vekse, men det kjem ikkje av seg sjølv.

– Det krev mykje med tanke på utstyr, gode lokale og ikkje minst gode vaksne som har peiling på spel.

Patrick (10) sit ved datamaskinen. Ser mot kameraet og smiler.

Patrick Nielsen (11) trur mange vaksne berre ikkje forstår kor gøy det er å spele. Han blei med i klubben fordi venane hans var her.

Foto: Martin Værum Anda / NRK