Tre over vegen
Eit tre har falle over vegen i Andreas Kjærs vei i Kristiansand. Dette er ein av vegane inn til Sørlandet sykehus. Ingen personar eller bilar vart treft av treet. Politiet opplyser at teknisk etat i kommunen er varsla, slik at treet kan bli fjerna.