Hopp til innhold

- Religiøse lever lengre enn andre

Sterkt truande menneske lever eit lengre og sunnare liv enn andre, viser ei ny stor internasjonal undersøkjing.

Over Evne (illustrasjonsbilde)

LENGRE LEVETID? Ei ny undersøkjing viser at religiøse menneske lever lengre enn andre.

Foto: Colorbox.com

Uansett kva du trur på, ser det ut til å hjelpe, viser undersøkjinga. Ifølgje forskning.no er religøse lukkelegare, får færre hjartesjukdommar og lever lengre enn andre.

LES OGSÅ: «Er du religiøs, eller?»

– Dette er noko vi bør ta på alvor. Mykje av forskinga viser at religiøse menneske har fleire sosiale forbindelsar, færre negative og fleire positive følelsar enn andre, og at religion kan vere årsaka til at dei har det bra, seier professor i psykiatri, Harald G. Koenig.

Han er grunnleggjaren av The Senter for Spirituality, Theology and Health, ved Duke University i USA. Universitetet er eit av lei leiande universiteta, og vart stifta av metodistar i byen Trinity i 1838, ifølgje Wikipedia.

Tusenvis av studier

Han har analysert i alt 2500 studier. Ved hjelp av søkeord som «religion», «religiøs» og «spiritualitet» har han funne studiane i medisinske databaser.

LES OGSÅ: Speiler religiøst mangfold

– Det ser ut til at religion gjer folk ein grunn til å leve. Heile 42 av 45 studier konkluderer med at meir religiøse opplever større meining med livet enn dei som er mindre religiøse, seier Koenig.

Forskinga viser at religiøse menneske opplever mindre stress. Dermed har dei lågare nivå av stresshormon som noradrenalin og kortisol.

– Særleg folk som mediterer har betydeleg lågare nivå av stresshormon, seier han.

Lever 2,6 år lenger

Koenig viser til at undersøkjinga hans konkluderer med av 55 av 84 studier av levetid viser at religiøse lever lengre.

LES OGSÅ: Utreder godkjennings-nekt for religiøse privatskoler

Eit dansk studie viste at kvinner som innimellom gjekk i kyrkja, eller høyrde gudsteneste på radio levde 2,6 år lengre enn andre kvinner. Menn som hadde tilsvarande interesse levde 1,6 år lengre.

– Det ser ut til at ein følelse av å vere knytt til ein gud driv ei religiøs involvering som har direkte effekt på følelsane våre og indirekte påverkar både sosial status og negative følelsar og dermed også helse og levetid, seier Koenig.

SJÅ: Programoversikt religiøse program NRK

– Men det er ein kontroversiell påstand fordi gener, personlegheit, miljø og det enkelte mennesket si utvikling også påverkar. Hugs at ikkje-religiøse menneske godt kan leve lukkeleg, sunt og lenge, legg han til.

– Ein annan kultur

Han understrekar i tillegg at konklusjonen om det spesifikke talet år ein lever ekstra, er henta frå USA. Han meiner det ikkje er sikkert at konklusjonen er den same for Europa.

– Vi har ein annan kultur. Til dømes er ein i USA litt underleg dersom ein ikkje er religiøs. Her er det omvendt, seier han.

Førsteamanuensis, Niels Christian Hvidt, ved Helbred Menneske og Samfund på Syddansk Universiet, i Danmark meiner bilete er meir samansett.

– Ein må hugse på at sjølv om bilete er klart, så kan religion nokre gonger også gjere folk nevrotiske og auke risikoen for depresjon. Det kan skje dersom ein til dømes kjem til å tru på at Gud straffar folk med sjukdom, seier han.

Kvantitative studier

Harold Koenig har brukte fire år på å lese og velje ut dei beste undersøkjingane. Alle undersøkjingane er kvantitative. Det betyr at folk er analysert overfladisk, men til gjengjeld særs mange menneske.

– Dette er berre kvantitative studier, for dersom ein også skulle undersøkje dei kvalitative, ville det ta to-tre gonger så lang tid å gjennomføre undersøkjinga. Og arbeidet har vore så hardt gjennom fire år at eg akkurat no ikkje eingang orkar å publisere det andre stader enn i boka, seier Koenig.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %