Hopp til innhold

Sommarbåten er no i Ålesund

NRK sin sommarbåt «Sjøkurs» har lagt til kai i Ålesund. Du kan følgje båten «Minutt for minutt», og «Sommeråpent» går direkte frå hamna i Ålesund.

Frå jonsok og nesten til skulestart seglar MS «Sjøkurs» langs heile kysten av Noreg. Først går ferda nordover. Så sørover. Laurdag 6. juli kom båten sørfrå, og la til kai i Ålesund.

Alt i alt besøkjer skipet 38 hamner. Store deler av ferda blir vist direkte, både på NRK.no på på NRK1 på fjernsynet. På tidleg kveld blir det sendt eit eige program om kva som har hendt på ferda mot dagens stoppestad. Seinare på kvelden blir programmet «Sommeråpent» sendt frå skipet.

Rune Møklebust

Rune Møklebust om bord i MS «Sjøkurs»

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK
Mikhael Paskalev

Mikhael Paskalev skal, ifølgje den førebelse køyreplanen, opptre under Sommeråpent.

Foto: Skjermdump / Video
 Cecilie Skog.

I Sommeråpent ser det også ut til at du får møte Cecilie Skog.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

I Ålesund har Ålesund sentrumsforening tenkt å lage litt ekstra liv i samband med at MS «Sjøkurs» ligg på innsida av Skansekaia. Den gamle Brannsprøyta møter sommaråpent på Valderhaugfjorden, og det er lagt opp til underhaldning på kaia. Bandet Time Travellers skal spele og Røde Kors har varsla at dei kjem til å vere aktive på kaikanten.

Vi finn programsjef Rune Møklebust medan han sit i regien og legg ut små informasjonstekstar på skjermen. Dette er informasjon om stader skipet passerer og for eksempel kva musikk som blir spelt til ei kvar tid.

Vi hjelper kvarandre. Akkurat no avløyser eg på denne plassen medan han som sit her til vanleg får seg litt mat, seier han. Ferda er lang og det blir gjerne arbeidsøktene også.

NRK har gjennomført ei rekkje «Minutt-for-minutt»-sendingar. Det store gjennombrotet kom med «Hurtigruta minutt for minutt». Året etter kom sendingane frå Telemarkskanalen.

Det er mange forskjellige grunnar til suksessen. Det vekkjer interesse fordi det er så forskjellig frå alt anna som blir laga. Mange syns det er eit litt rart opplegg. Nokre syns det er avslappande, det er avstressande og annleis, seier Rune Møklebust.

Det ligg også ein heilt spesiell dramaturgi i «Minutt-for-minutt»-sendingane. Alt går direkte, og ein veit aldri heilt kva som møter ein rundt neste sving. Det gjeld for både produksjonspersonalet og for sjåarane.

Stabben fyr

Fredag ved 13-tida passerte MS «Sjøkurs» Stabben fyr i Sogn og Fjordane. Eit døgn seinare klappar skipet til kai i Ålesund.

Foto: NRK

Det er heilt vesentleg at dette går direkte. Ingen veit nøyaktig kva som ligg rundt neste sving. Og det er spennande både for dei som kjenner seg att, og for dei som ser eit landskap for fyrste gong. Det handlar mykje om nordmenns forhold til sitt eige land, seier Møklebost.

Har folk som oppheld seg langs reiseruta ei spesiell rolle i desse sendingane?

– Ja, det er klart dei har det. Her har vi også ein stor variasjon. No har vi nett segla eit godt strekk i Sognefjorden, der det i lange periodar berre har vore fjell og sjø. Det er spennande det også. Men så skjer det noko anna etter kvart som vi kan vise bygder, folk som kjem i båtar, med og utan flagg, og folk som arbeider og folk som har fri. Og aller mest kokar det når vi kjem inn mot hamnene der «Sjøkurs» skal legge til, seier Myklebost.

Over alt der «Sjøkurs» seglar, møter folk opp både på land og i båtar. Mange har med flagg og nokre finn på stunt der dei til og med har kledd seg ut.

Det handlar om ein stort engasjement for heimstaden sin, seier Møklebust. Mange kontaktar også redaksjonen, gjerne gjennom e-post og på Facebook og Twitter.

Denne gongen har «Minutt-for-minutt» fått ein ny dimensjon, i og med at det blir sendt eit stort underhaldningsprogram frå båten. Og frå Ålesund er det sjølvaste laurdagsunderhaldninga som skal sendast direkte.

MS Sjøkurs i Halden

MS «Sjøkurs» starta seglasen i Halden jonsokhelga. Laurdag står Ålesund for tur. Seinare i sommar, når sommarbåten er på veg sørover igjen er Kristiansund stoppestad for skipet.

Foto: Sindre Skrede / NRK

I «Sommeråpent» på laurdag får vi møte Cecilie Skog, og artisten Mikhael Paskalev skal opptre. Kristin Krohn Devold kjem innom, og det vil nok ligge ein eim av klippfisk over hamna i Ålesund, når Mindor Klauset og Knut Garshol kjem for å snakke om denne delikatessa.

Og går alt etter planen får vi besøk av eit nygift brudepar. Dei tek ein avstikkar frå festen sin for å kome til «Sommeråpent» for å fortelje om den store dagen sin, og om kvifor Borgund kyrkje toppar statistikken over vigslar i Noreg, fortel vaktsjef Kristin Ytre-Arne.

Når MS «Sjøkurs» snur baugen sørover igjen, blir det stopp i Kristiansund. Dette skjer 30. juli. Dette er på ein tysdag. Då blir det både lokale radiosendingar og full, lokal TV-sending frå «Sjøkurs» i 18.40-sendinga til NRK Møre og Romsdal. Dette kjem i tillegg til sendingane på riksnettet.