Jakob Helset

BÅTBYGGAR: Jakob Helset frå Bjørkedalen.

Foto: Jørn Løset

Arven frå vikingane

I mange hundre år har folket i Bjørkedalen laga båtar. Tusenvis av båtar. No skal dei bygge det råaste vikingskipet dei nokon gong har bygd.

Vinteren 2016: Skogbotnen inst i Bjørkedalen på Sunnmøre er stiv av frost. Snøen har latt vente på seg denne vinteren, men ikkje kulden.

Den store furuskogen har trestammar som festa røtene i jorda då Noreg framleis var i union med Danmark. Kjempetrea har fått stå i fred av ein god grunn.

Men denne dagen durar ein gamal raud traktor på skogsvegen. Tre karar har tatt plass, ein køyrer, to sit bak på skuffa, med seg har dei kvar si motorsag.

Dei skal starte på eit digert byggverk som ikkje har vore sett i Noreg på snart 1200 år. Det skal ta mange år å bygge det, og han som er nesten 80, kan eigentleg ikkje vite sikkert om han rekk å sjå byggverket ferdig.

Jakob Helset

Jakob Helset (82) har bygd 115 båtar, minst.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er skummelt å sage no, skogen er gjennomfrosen og tre kan brotne, seier Jakob Helset.

Furua dei skal felle er så diger at knapt to menn klarar å femne om ho, men likevel så høg og rank at treet står fram som naturens eige fallossymbol.

Ein ting gjer kjempa så perfekt. Kurven. Svingen litt over halvveges på stammen. Veleigna til å vere stamnen eller baugen til attskapinga av det største vikingskipet vi veit om her til lands.

Dei tre diskuterer og grublar. Kikar oppover. Om treet heng seg fast i andre tre, blir det fort skummelt. Det er viktig å vere forsiktig i skogen.

– Ho er «grove» denne der, tjukkare enn ho ser ut til, seier Erlend Helset. Erlend bur på nabogarden, er av same slekta, og eig denne delen av skogen.

Ei så stor furu kan ikkje berre fellast tvert av. Mennene må berekne kor ho skal falle, om det er plass der ho landar. Ein må vite kor ein skal sette felleskåret, til slutt handlar det om å sage perfekt.

Sprekk eller brotnar treet mot den knallharde bakken er alt mislukka.

– Folk veit ikkje kor mykje arbeid det er å skaffe materialane til ein båt, seier Jakob.

Erlend ser undrande på treet. Jakob gir råd og instruksjonar, sjølv om han veit at den yngre naboen kan jobben vel så godt. Så tar Erlend på seg hjelmen, og går til angrep på beistet.

Det er i skogen ein båtbyggar gjer den viktigaste jobben og løyser den aller største utfordringa.

Skogen i Bjørkedalen er spesielt bra til båtbygging. Karrig fjell av mineralet olivin som furua likar veldig godt. Det er lite vind som gjer at trea veks seg snorrette. Ei furu vil fort snu seg i takt med både sola og vinden, men i denne dalen er det mørkt og lunt.

Skogane i Bjørkedalen

I desse skogane har det vore henta tømmar til trebåtar i hundrevis av år, ifylgje segna henta også vikingane tømmer her.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Trea veks ganske fort, det er ikkje hard ved, det er elastisk ved. Dette er fint snikkarmateriale, seier Jakob.

Jakob Helset tek fram tommestokken. Startar teljinga av årringane.

– Denne er 180 år, gliser han.

Det gløymde vikingskipet

Erlend Helset brukar motorsag til å dele opp kjempefurua

MASSIVT: Erlend Helset brukar motorsag til å dele opp dei digre trea.

Teikning av Myklebustskipet

Båtbyggarane har ein klar plan for korleis skipet skal bli.

Gravhaugen på Nordfjordeid

Arkeologane fann restane av Myklebustskipet i denne gravhaugen på Nordfjordeid.

Nordfjordeid 1874: «Rundehåjen» ligg for seg sjølv midt på strandflata på Nordfjordeid, inst i Eidsfjorden, ein fjordarm i Nordfjord.

Den 27 år gamle arkeologen Anders Lorange frå Bergens Museum skal undersøke den svære gravhaugen.

Båten dei finn restar av er truleg det største vikingskipet vi har sett spor av her til lands. Men diverre for Lorange hadde vikingane sett fyr på Myklebustskipet.

Før hadde vikingane likbål med skip, husdyr og våpen. Det finst forteljingar om grufulle gravferder, der trælkvinner vart valdtekne og drepne før dei enda i grava med høvdingen.

I gravhaugen pirkar arkeologane fram eit stort kar i bronse. Truleg er det frå ei kyrkje eller kloster i Irland. Få i Nordfjord brydde seg om å respektere Kvitekrist på den tida, truleg er det plyndringsgods. Oppi ligg beinrestane av ein mann.

Arkeologar har resonnert seg til at mannen er småkongen Audbjørn av Fjordane. Han var ein av motstandarane til Harald Hårfagre som skulle samle Noreg, og ifylgje Snorre fall han i slaget ved Solskjel på Nordmøre kring år 870.

Gravfunna i Nordfjord skulle snart kome i skuggen. For nokre år seinare fann ekspertane det langt betre bevarte Gokstadskipet, og i 1904 fann dei sjølve nasjonalskatten, Osebergskipet.

Den dag i dag er ikkje gravhaugen på Nordfjordeid ferdig utgraven. Skattane frå grava ligg lagra ved Bergen Museum, og blir berre henta fram ved sjeldne høve.

Byggestart i Bjørkedalen

Kjølen må stemme perfekt før ein kan gå vidare med bygginga.

Foto: Jørn Løset

Men no skal Myklebustskipet fram i lyset igjen. Og det er bjørkedølene som er dei rette til å ta på seg oppdraget for visningsenteret Sagastad, som har bestilt det 30 meter lange skipet.

Det skal bli eit byggverk som får museumsdirektørar til å heve augebryna, og som får folk frå heile verda til å følgje med på bygginga via sosiale medium.

Eit monument over eit handverk som stadig færre kan, men òg ein turistattraksjon som er venta å trekke titusenvis av besøkande årleg.

Må løyse problema etter kvart

November 2016: Ein sommar har gått sidan den digre furua vart felt. Dei fyrste snøflaka har kome med den kalde nordatrekken frå dei over 1000 meter høge fjella kring Bjørkedalen. Men tid er ei nødvendigheit for å bygge båt.

På gardane i Bjørkedalen finst det som trengst for å bygge alle slags trebåtar, også svære vikingskip. Gardane har gjerne eigne sagbruk, og spesielt tilpassa verktøy går i arv.

Inne i eit avlangt trebygg slepp uansett ikkje vinden inn. Båtbyggarane har gått saman i eit arbeidslag: Erlend Helset, Jakob Helset som er den eldste, og ein annan superveteran, snart 75-år gamle Ola Følsvik.

Men dei med fartstid og best kjennskap til å bygge skikkeleg store vikingskip er dei tre brørne Bjørkedal.

Ottar Bjørkedal jobbar som snikkar og bygningsmann til dagleg, veslebror Dag Inge er bygningsingeniør.

Eldstebror Jakob S. Bjørkedal driv farsgarden, og her har brørne, saman med far deira Sigurd, bygd kopiar av Osebergskipet, Gokstadskipet, og eit anna kjent fartøy «Saga Siglar» som segla jorda rundt.

Dei to eldste brørne har segla med vikingskip over Atlanterhavet. Jakob S. har stått til rors på «Saga Siglar» i full storm, saman med eventyraren Ragnar Thorseth.

Trygve Berge/Bergefilm

Myklebustskipet blir den største båten dei har bygd. Her er det ingen som veit alt åleine, båtbyggarane må starte i ein ende og løyse problema etter kvart.

I Bjørkedalen har det blitt laga båtar i over 1000 år seier segna. Den fyrste skriftlege kjelda er 500 år gamal. På 1800-talet var det laga fleire hundre båtar i året.

Men no, når karane står på toppen av ei kjede av båtbyggarar tilbake til mellomalderen, er den yngste av dei snart 50 år.

Hovudproblemet er etterspurnad. Fiskebåtane er i dag store fartøy laga i stål, fritidsbåtane blir laga av plast.

Noko må skje om tradisjonen i Bjørkedalen skal overleve inn i framtida. Det er klart det surrar i bakhovudet.

– At eg snart er blant dei yngste er eit veldig dårleg teikn, seier Ottar Kåre Bjørkedal.

– Kva skjer om dette døyr ut, Ottar?

– Det vil no vere forferdeleg. Dårlege greier. Det er kanskje berre snakk om nokon få tiår, seier 58-åringen.

Men folk som driv hardt fysisk arbeid, er ofte lette å få i godt humør. I alle fall når dei fyller på med næring. Ottar tar ein slurk av kaffikoppen, og ein bit av grovskiva med tjukt godt pålegg.

– Vi får håpe eitkvart skjer snart, vi får jo håpe det, smiler han.

Båtbyggarar i Bjørkedalen

Frå venstre: Jakob S. Bjørkedal, Ottar Kåre Bjørkedal og Ola Følsvik

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Målet er å få sjå båten ferdig

Jakob er fullt klar over at dette kan bli ein av dei siste båtane han bygger.

– Dette vert krona på verket, det er klart det.

Sjølve bygginga skjer i ein plasthall på Nordfjordeid, tett ved strandkanten der kunden Sagastad er i ferd med å bygge eit gedigent visningsenter for vikinghistoria på Vestlandet.

Framleis er ganglaget til Jakob Helset relativt mjukt, hendene bom stødige, og tanken krystallklar. Det einaste er kanskje at pusten har gått litt vel tungt i det siste.

Jakob tenker seg om og gliser:

– Det er eit mål å sjå skipet ferdig medan eg har helsa i behald.

Å strekkje kjølen er ein milepåle i bygginga av eit vikingskip.

I løpet av ein vinter blir det spikra tusenvis av jarnsaum.

Når sommaren kjem har skipet forma seg.

– Vi veit at det må ha vore ein viktig person

Ein jamn straum av besøkande går inn dørene til Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo. Interessa for vikingtida er enorm.

Professor og arkeolog Arne Emil Christensen var sjef ved vikingskipshuset frå 1990 til 2006. Han har sjølv samarbeidd med bjørkedølene om kopiar av vikingskip.

– Truleg var Myklebustskipet eit krigsskip, eller eit skip som kunne brukast til begge deler, meiner Christensen.

Ingen kan vite heilt nøyaktig korleis skipet såg ut. Verken båtbyggarane eller forskarane vil derfor kalle det nye Myklebustskipet ein rekonstruksjon, heller ei gjenskaping av kva som kan ha vore.

Men ut frå talet klinknaglar og storleiken på dei, samt dei 44 skjoldbulane i grava kan ein vite litt om dimensjonane.

Osebergskipet på Bygdøy i Oslo

Osebergskipet på Bygdøy i Oslo

Jan Bill, professor Kulturhistorisk museum

Jan Bill, professor Kulturhistorisk museum

Professor emeritus i nordisk arkeologi, Arne Emil Christensen

Professor emeritus i nordisk arkeologi, Arne Emil Christensen

Professor i arkeologi Jan Bill leiar Vikingskipshuset på Bygdøy i dag. Han meiner at bygginga av vikingskip i moderne tid kan gi oss viktig kunnskap.

– Båtbyggarane i Bjørkedalen har bidrege mykje til vår forståing av vikingtida, eg har stor respekt for arbeidet dei gjer, seier Bill.

Eit hjarte som ikkje bankar like lett som før

Oktober 2017: Båtbyggarane er ikkje byrja å stresse på nokon måte. Men av og til må dei ta kveldane i bruk for å gjere ferdig forskjellig. Denne vinteren skal det jobbast for fullt.

Men Jakob er på sjukehus. Den tunge pusten synte seg å vere teikn på eit problem. Hjartet banka ikkje slik som det skulle, slike ting må rettast.

Men ein hjarteoperasjon er ikkje like dramatisk som før. Ein tur til Trondheim, operasjon i halvveges vaken tilstand, og ein ny hjarteklaff er på plass.

Deretter ei natt på sjukehuset i Volda, og hjartet bankar lettare for båtbygging enn på år og dag. Beskjeden til Jakob frå legane er grei; hald fram med båtane.

Botnspant, eller renger, som det blir kalla i vikingskip utgjer "skjelletet" til skipet.

Kvart enkelt rong blir festa med trenaglar. Nokre av rengene er laga av eik, andre er av furu.

Januar 2018 kjem rengene på plass. Det er litt over eit år til båten skal sjøsetjast.

Den viktigaste kritikaren

Mars 2018: Sjølv om han er over 90 år er han lett på foten. Saxe Bjørkedal har teikna skipet, no skal han få sjå båten bli til.

Båtbyggarane kjenner på presset. Saxe er ei levande legende innan båtbyggartradisjonen. Kritisk og detaljorientert. Onkelen til fire av båtbyggarane.

– Vi har veldig respekt for han, vedgår Dag Inge Bjørkedal.

Saxe har brukt heile livet sitt på båtar, han vaks opp i Bjørkedalen med trebåtar, for så å utdanne seg til skipsingeniør. Yrkeslivet gjekk med til bygging av 300 meter store tankbåtar ved det svære skipsverftet i Florø.

Fritida brukte han på å saumfare kysten for gamle naust, på jakt etter gamle trebåtar han kunne lære meir av.

– Han er den viktigaste kritikaren vi har, det er ikkje mange av støypinga hans, slår Dag Inge fast.

Saxe Bjørkedal myser opp mot skroget. Ser etter om detaljane er slik som dei var meint å bli.

– Er det rette buen på kjølen? ropar han mot båtbyggarane, og blir forsikra om at det skal vere etter teikninga.

Dei må fram med målband for å sjekke om at høgda på øvste bordgang er korrekt. Den gamle bøyer seg fram, finsiktar og dobbeltsjekkar. Kleiar seg på haka.

Dag Inge og Jakob S. er godt vaksne karar med brei erfaring. No er dei litt som tilbake i tenåra, då onklar og fedrar var læremeistrar i Bjørkedalen.

Så går tommelen opp.

93-åringen gliser, sprett ned trappa til stillaset, landar mjukt på betongen og ser nøgd opp på skuta.

Nevøane er bratte i ryggen.

– Det er fordi dei er båtbyggarar, hadde dei ikkje vore det hadde dette aldri gått, konstaterer Saxe.

undefined

Brødrene er spente på domen frå onkelen deira, Saxe Bjørkedal.

undefined

Saxe Bjørkedal er ein av dei som kan mest om trebåtar her til lands.

undefined

Ingenting er som ein glad onkel, nevø Jakob Bjørkedal til høgre.

– Vi får håpe det ikkje vert storm

Januar 2019: Pausekaffien i arbeidsbrakka på Nordfjordeid har blitt ein del av kvardagslivet. Snart er båten ferdig. 10 000 jernsaum, som er naglar av jern, samt 800 trenaglar er hamra inn.

Om ikkje lenge skal båten på sjøen. Det hastar å få båten på plass til turistsesongen. 70 millionar kroner er investert i Sagastad på Nordfjordeid, eit visningsenter om vikingtida der Myklebustskipet er midtpunktet.

I gamle dagar var sjøsetting festdagar, på 80-talet kunne det kome tusenvis for å sjå når kopiar av store vikingskip skulle på sjøen.

– Det vert kjekt å prøve skipet på fjorden, seier Ottar.

Dag Inge Bjørkedal

Det er siste finpuss for Dag Inge Bjørkedal. No handlar alt om å få båten ferdig.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han håpar det ikkje vert storm. Ein slik koloss av eit vikingskip skal det erfaring til å meistre, står kastevindane inn fjorden må dei utsetje heile opplegget.

– Det vi er spent på, er lekkasje, men det blir 50 menneske om bord minst, så vi vil ha nok folk som kan ause, ler han.

Det båtbyggarane ikkje veit er at det skal bli mange fleire folk om bord enn det.

April 2019: Det er ein av dei vårmånadane der vinteren har gått rett over til sommar. Midt i sentrum av Nordfjordeid ruvar eit digert vikingskip. Natta har blitt brukt til å få vekk plasthallen.

Ei diger kran skal løfte båten frå bakken og over på sjøen. Fremst er drakehovudet, laga av ein av landets fremste treskjerarar, Rolf Taraldset.

Båtbyggarane har sendt ut beskjed til bygdefolk om at dei vil trenge arbeidshjelp, men dei veit aldri sikkert kor mange som kjem.

Og naboane kjem i hopetal, sikkert over hundre minst. Oppgåva er å støtte oppunder det 14,4 tonn tunge skipet, så det ikkje kvelvar når støttene er borte.

Båtbyggarane gir klar beskjed om at born får halde seg på trygg avstand.

– Det farlege er om folk sviktar, og nokre få blir ståande under båten åleine, åtvarar Ottar.

Det er ein for alle, og alle for ein. Sakte, men sikkert, nærmar båten seg sjøen.

Båtdraging Myklebustskipet

Folk i alle aldrar må hjelpe til.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vel framme ved krana følgjer over tusen menneske spent med når skipet skal løftast over på fjorden. Dag Inge og Ottar festar stroppene, no må det bere eller breste. Aller helst bere.

Det fyrste Ottar sjekkar når båten er på sjøen er lekkasje. Men berre ørsmå mengder vatn piplar inn langs kjølen.

– Det ordnar seg når det får trutne, seier Ottar.

Så strøymer dei om bord, familiar, halve slekta, bygdefolket, og nokre få spesielt inviterte. Sikkert 100 personar minst. Endeleg skal dei få prøve båten.

– Han flyt overraskande lett og fint på fjorden, seier Jakob.

Sjøsetting Myklebustskipet

Endeleg kan Dag Inge og dei andre båtbyggarane teste båten på sjøen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ein ting er båtbyggarane sikre på, dei vil fortsette å bygge båtar i Bjørkedalen.

Sjølv den eldste av dei ynskjer å halde koken. For framleis har Jakob Helset helsa, det var jo berre å skifte ein «slitedel» undervegs.

Og folk ringer til han endå, dei skal ha seg færingar, årar, det eine med det andre. Det vanskelegaste er å seie nei.

Den største båten blei kanskje ikkje den siste, likevel. Jakob skal ta eit år i gangen, men vil bygge meir båt.

– Kva skal eg gi meg for? Å sitte og tvinne tommeltottar har aldri vore noko for meg. Båten vart fin den, vi har slettes ikkje noko å vere skjemde av, smiler han.

Lyst til å sjå historia om båtbyggarane i Bjørkedalen? Sjå dokumentaren Vikingarven i NRK TV

Heilt sidan vikingtida har folket i Bjørkedalen laga båtar. Tusenvis av båtar. No vil dei sette krona på verket og bygge det råaste vikingskipet verda har sett: Myklebustskipet, det største vikingskipet det er funne restar av i Noreg.

Heilt sidan vikingtida har folket i Bjørkedalen laga båtar. Tusenvis av båtar. No vil dei sette krona på verket og bygge det råaste vikingskipet verda har sett: Myklebustskipet, det største vikingskipet det er funne restar av i Noreg.

Foto øvst av Jakob Helset, og av bileteseriar av båtbygginga: Jørn Olav Løset. Dronefoto: Torje Bjellaas/NRK